Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
POLYFON-KONFERANSEN 2023

Fag og musikkfest tre dagar til ende

Polyfon-konferansen 2023 vart realisert i samarbeid med Alrek helseklynge, Høgskulen på Vestlandet, Gjenklang og Norsk foreining for musikkterapi. Det vart ein tre dagars festival med presentasjonar, diskusjonar og musikk, og med mange gode dialogar mellom fag-, leiar- og brukarstemmer!

Opning framføre konferansebanneret
Gottfried Greve, viserektor ved UiB, stod for opninga av Polyfon-konferansen 2023.
Photo:
Julie Amilien Simon, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi (UiB)

Main content

Fag og fest over fleire dagar

For konkret informasjon om programmet for hovudkonferansen i 2023, sjå denne infosida. Her følgjer glimt frå konferansedagen og frå dei andre faglege og sosiale arrangementa 8.-10. november 2023. Polyfon-konferansen har tradisjonelt vore ein eindagskonferanse, med ein kveldskonsert i tilknyting til dette. I 2023 vart det heile til ein tredagars festival:

8. november

  • Fagdag/forkonferanse om musikkterapi i FACT/FACT-ung, arrangert i lokala til Alrek helseklynge
  • Polyfon-konserten i samarbeid med foreininga/festvalen Gjenklang

9. november

10. november

Fleire regionar og fleire konferansedeltakarar

Som vanleg var konferansen eit fleirstemt møte, med dialogar mellom fag-, leiar- og brukarstemmer. I tillegg til plenumspresentasjonar og -responsar var det både parallellsesjonar, rundebordskonferanse og posterutstilling. Erfaringspanelet stod for ein «levande poster» som gåve konferansedeltakarane høve til å kome med skriftlege innspel til panelet sitt arbeid.

Polyfon arbeider meir nasjonalt enn tidlegare, og for første gong var det med deltakarar frå alle helseregionane i landet vårt: Nord, Midt, Vest og Sør-Aust.

Det var rekordinteresse for konferansen i år, med ca. 200 personar påmeldte sjølve konferansen, pluss dei som i ulike delar av landet følgde direktestrøyminga av plenumsdelen av konferansen.

Fleire tema å arbeide vidare med

Fagdagen/forkonferansen sette søkjelys på musikkterapiens plass i FACT/FACT-ung, med presentasjonar både av policy, forsking og praksis. Musikkterapi er nettopp tatt inn i modellbeskrivinga for FACT, men mange av deltakarane på fagdagen meinte at omtalen var for avgrensa og avgrensande. Her er det viktig fagutvikling og viktige debattar å følgje opp.

Sjølve konferansedagen hadde altså temaet «Nyttig helsearbeid i nye tider». Det er uråd å samanfatte det rike programmet og dei kvalifiserte presentasjonane i nokre få setningar. Tre tema som det er viktig å følgje opp kan likevel skisserast:

Leiarane/tenestene sitt ansvar for å ikkje berre vurdere musikkterapi som interessant, men faktisk ta grep og sørgje for implementering av evidensbaserte tilbod.

Fagpersonane sitt ansvar for å sjå utover eigne profesjonsgrenser og byggje samarbeid til beste for brukarane.

Eit felles ansvar for å leggje til rette for samskaping av kunnskap og tenester, der fag-, leiar- og brukarstemmer slepp til.

- Vi må ha det  

Med utgangspunkt i Polyfon-konferansen 2023, har Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) publisert ein artikkel om dei store regionale skilnadene i implementering av musikkterapi. Om musikkterapi som ein integrert del av behandling, seier Randi-Luise Møgster, viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus og styringsgruppeleia for Polyfon: «Vi må ha det, ikke bare tenke på det og vurdere det! Musikkterapi er evidensbasert og bør ha en plass i helhetlig behandling».

På scenen
Photo:
Julie Amilien Simon, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi (UiB)