Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
INFOSIDE

Medverknad i forsking: Korleis bruke kunnskapsklynga Polyfon?

Brukar- og pårørandemedverknad er ein viktig ressurs i forsking. Her finn du råd om korleis du kan bruke Polyfon i arbeid med å leggje til rette for dette.

Samarbeid
God brukarmedverknad føreset god dialog i alle fasar av eit prosjekt.
Photo:
Dylan Gillis, Unsplash

Main content

Ein av kunnskapsklynga Polyfons funksjonar er å gje råd og støtte til utvikling av samfunnsrelevant og praksisnær forsking. Brukar- og pårørandemedverknad er ein viktig ressurs i slik forsking og som regel ein føresetnad når ein skal søkje om finansiering.

Brukar- og pårørandemedverknad handlar om dialog og samarbeid og inneber at forskinga vert utført saman med personar med eigen- eller pårørandeerfaring relevant for prosjektet. Prosessen skal vere gjevande og meiningsfull for alle involverte aktørar (sjå også Polyfons rettleiar om brukarmedverknad).

Korleis kan forskarar i Polyfon-samarbeidet bruke klyngas erfaringspanel og koordinator for brukarmedverknad?

Generelt om ansvar og om Polyfons funksjon

Prosjektleiarane for aktuelle forskingsprosjekt har sjølve ansvaret for å leggje til rette for god medverknad i prosjektet. Dei kan velje å bruke Polyfons erfaringspanel og koordinator for brukarmedverknad som ressursar i arbeidet med å planleggje og gjennomføre brukarmedverknaden i prosjektet, men dei er ikkje forplikta til å gjere det.

Erfaringspanelet har ein rådgjevande funksjon i klyngesamarbeidet og skal m.a. arbeide for at det blir god bruk av erfaringskompetanse i alle aktivitetar knytte til Polyfon. Panelet er breitt samansett, med representantar for ulike felt og regionar. Det er difor vanlegvis verken tenleg eller mogeleg å rekruttere heile klyngas erfaringspanel som brukarpanel for eit konkret prosjekt. Merk: Dersom representantar frå Polyfons erfaringspanel vert rekrutterte inn i brukarpanelet til eit prosjekt, kan det i prosjektskisse og andre prosjektdokument stå at vedkomande er rekruttert frå Polyfons erfaringspanel, men ikkje at hen representerer Polyfons erfaringspanel.

Erfaringspanelet har ein vald leiar og nestleiar, medan klyngas koordinator for brukarmedverknad er ein del av Polyfons sekretariat og skal støtte og leggje til rette for panelet sitt arbeid. Koordinator skal elles fremme kunnskap om og bruk av  erfaringskompetanse, m.a. ved å stimulere samarbeid og kontakt mellom kunnskapsklynga og aktuelle brukarorganisasjonar.

Kven tar ein kontakt med?

Ta kontakt med Polyfons koordinator for brukarmedverknad, som kan gje sjølvstendige råd og som saman med panelet sin leiar og nestleiar vil vurdere om det er aktuelt å leggje førespurnaden fram for Erfaringspanelet.

Når tar ein kontakt?

Ta kontakt så tidleg som mogeleg i planlegginga av eit prosjekt. Dersom Erfaringspanelet skal involverast i ein rådgjevande funksjon, bør førespurnaden kome minst 3 veker før det aktuelle panelmøtet (sjå Erfaringspanelet sin møtekalender i Faktaboksen av panelet si infoside).

Kva tar ein kontakt om?

Koordinatoren for brukarmedverknad vil kunne:

  • gje generelle råd om samarbeid, roller, forventingsavklaring, honorering, osb. (sjå også Polyfons rettleiar om brukarmedverknad)
  • føreslå aktuelle brukarorganisasjonar, miljø og personar som forskaren kan velje å kontakte
  • førebu ein dialog med Polyfons erfaringspanel, når det er aktuelt

Polyfons erfaringspanel vil kunne:

  • gje tilbakemelding på konkrete aspekt i planlagde og aktuelle prosjekt
  • føreslå aktuelle brukarorganisasjonar, miljø og personar som forskaren kan velje å kontakte
  • Korleis presenterer ein eit prosjekt for Erfaringspanelet?

Når det er aktuelt å leggje eit prosjekt fram for Polyfons erfaringspanel, vil det som regel ikkje vere tenleg å sende ut ei heil prosjektskisse for kommentarar. Det fungerer vanlegvis best med fokuserte, munnlege presentasjonar på eit panelmøte (vanlegvis på Teams), der ein vel ut kva tema og problemstillingar som det er særleg ønskjeleg å få råd og tilbakemelding om.

Dette dokumentet vart sist oppdatert 20. februar 2025.