Kan eit virusliknande protein bli nøkkelen til behandling av hjernesjukdomar?
UiB-stipendiat Anna Abrahamsen forskar på ARC - eit lite, men kraftfullt protein i hjernen som kan bane veg i utviklinga av framtidas medisinar mot alzheimer og schizofreni.
Main content
– Sjå for deg ei framtid der ein du er glad i får ein alzheimer-diagnose. Men tenk om det då finst ein medisin som kan hjelpe! ARC-proteinet ser ut til å kunne vere ein lovande komponent i framtidas hjernemedisin, seier Abrahamsen.
Ho forskar på hukommelse på molekylært nivå, og særleg på ARC sin rolle i hjernen. Den 17. september skal ho presentere forskinga si på fire minutt under Forsker Grand Prix i Bergen, og konkurrere om å gå vidare til finalen i Oslo den 25. september.
Følgjer ARC i sanntid
– ARC er avgjerande for at vi skal kunne danne nye minner, seier Abrahamsen.
Ho forklarer at ARC blir aktivt kvar gong vi lærer noko nytt, og blir produsert naturleg i hjernen - akkurat der det trengst, i rett mengde.
– For lite ARC er knytt til Alzheimer, medan for mykje eller feilregulert ARC er assosiert med schizofreni og epilepsi. Men nesten ingen veit korleis ARC eigentleg verkar, seier ho.
For å undersøke dei ulike funksjonane til ARC, har Abrahamsen si forskargruppe optimalisert ein metode som gjer det mogleg å følgje proteinet i levande hjerneceller med eit avansert mikroskop.
Med mikroskopet kan dei sjå korleis ARC beveger seg og samhandlar med andre molekyl i sanntid.
– Det vi ser, er at ARC oppfører seg på mange ulike måtar. Nokre variantar er små og raske, andre store og nesten stilleståande. Alt dette tyder på at ARC har fleire funksjonar, og vi må forstå kvar einaste av dei før vi kan bruke det i medisin, seier Abrahamsen.
Kan gi håp til millionar
Alzheimer rammar over 50 millionar menneske globalt, og talet vil truleg dobla seg dei neste tiåra. Schizofreni finst hos rundt 1 % av befolkninga, og oppstår ofte i ung alder.
– Begge sjukdomane har enorme konsekvensar for pasientar, pårørande og samfunnet, og det er viktig å utvikle effektive behandlingar, seier Abrahamsen.
Ho forklarer at hjernen vår er ekstremt godt beskytta, og at det difor er utfordrande å utvikle medisinar mot hjernesjukdomar.
– Berre få medisinar klarer å trenge inn i hjernen. Men ARC oppfører seg som eit virus, og virus er meisterar i å bryte seg inn i celler og komme dit dei eigentleg ikkje skal. Nettopp difor kan ARC ha potensial til å frakte medisinar inn i hjernen.
Framtidas medisin?
Målet med forskinga er å bygge kunnskap som kan bane veg for heilt nye behandlingar.
– Eg håpar at metodane vi utviklar kan kome til nytte for andre forskarar, og at vi saman kan få ei djupare forståing av korleis hjernen fungerer, seier Abrahamsen.
– For meg handlar det òg om rein nysgjerrigheit. ARC er eit av dei mest fascinerande proteina vi kjenner til.