Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Arkeologistudentar på hospitering i fylkeskommunen

Seks arkeologistudenter har denne høsten hospitert hos Vestland Fylkeskommune, der dei både har drevet med feltarbeid og undervist for fjerdeklassingar.

Next
Bilde viser arkeologistudenter som graver i felt
Feltarbeid ved Flesland og på Tellevik stod på programmet for fire av arkeologistudentene som har hospitert hjå Vestland Fylkeskommune i haust
Photo:
Louise Bjerre Petersen/ Vestland Fylkeskommune
1/2
Bildet viser arkeologistudenter og arkeolog fra fylkeskommunen i sirkel og diskuterer/ser på kart
Studentane fann fleire spor frå steinalderen under feltarbeida
Photo:
Louise Bjerre Petersen/ Vestland Fylkeskommune
2/2
Previous

Main content

Saken er skrevet og først publisert av Vestland fylkeskommune, se lenke nederst på siden.

Vi må vere med og gje studentane praktisk erfaring frå arbeidslivet, og syne dei kva dei kan vente seg i andre enden av utdanninga. Og sjølvsagt er det eit mål å syne fram Vestland fylkeskommune som ein attraktiv arbeidsgjevar.

Det seier David Sandved seksjonsleiar for kulturarv, om kvifor fageininga for feltarkeologi kvart år tek imot nye masterstudentar i arkeologi. I haust har til saman seks studenter hospitert, og dei har fått prøve seg i både felt og med formidling.

 

Steinalderbuplass ved Flesland

Fire av dei var med på arkeologisk feltarbeid ved Flesland flyplass. Der sila dei massar som var gravne opp frå ein steinalderbuplass. Dei fann spor frå steinalderen laga i ulike typar stein og fekk praktisk røynsle i å lese landskap.

Siste dag var studentane med på feltarbeid på Tellevik. Dei grov med spade etter dyrkingslag og undersøkte eit lite skogholt. To studentar fann eit lag, og med det lærte dei verdien av ulike metodar i feltarkeologien.

Det var interessant å lære om kva arbeidsoppgåver ein arkeolog kan ha i fylkeskommunen, og å få bli med ut i felt. Eg trur vi alle godt kunne tenke oss å være med ei veke til. Det var verkeleg gjevande å delta på utgravinga på Hamm og på Tellevik,

seier masterstudent Hallvard Vestbø. 

Underviste for 4. klasse

I veke 35 var to studentar med arkeolog Louise Bjerre Petersen frå fylkeskommunen og arkeolog og museumspedagog Espen Kutschera frå Bymuseet i Bergen på eit undervisningsopplegg i Vargavågen i Os. Studentane fekk prøve seg på formidling og undervisning av elevar frå 4. trinn i Bjørnafjorden kommune. 

Hospiteringsordninga mellom Vestland fylkeskommune og AHKR har som mål å gje studentar røynsle med arbeidslivet som ventar etter masterutdanninga. Dette var første gong studentar var med på formidlingsopplegg, og det vart ein suksess, ifølgje arkeolog Louise Bjerre Petersen. 

Kulturmiljøet i Vargavågen i Os er unikt for formidling i nærmiljøet til skuleelevane. Her finst ulike kulturminne, mellom andre helleristingar frå bronsealderen og klebersteinbrot med aktivitet frå vikingtid til moderne historisk tid. 

Alt i alt var hospiterina ei uvurderlig erfaring for meg. Eg fekk oppleve korleis arkeologi kan formidlast på ein måte som gjer at barn og unge får eigarskap til fortida og kulturminna rundt seg,

seier masterstudent Oliver Malo Torheim.