Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Studiar i Region og regionalisering

Vi ber alle på ei kjensle av å høyre til ein stad. Men identiteten vår er ikkje ein gitt storleik, den endrar seg over tid og tar ulik form alt etter kva miljø vi ferdast i. Masterprogrammet i Region og regionalisering handlar om forhold som er med på å forme vår identitet.

Flyfoto av Konsmo i Audnedal kommune
Konsmo i Audnedal kommune
Photo:
flickr/Nasjonalbiblioteket

Main content

Samfunnsutviklinga dei siste tiåra har skapt aukande mangfald; menyen vi kan velja frå i konstruksjonen av oss sjølve, er ufatteleg mykje større enn for eit par generasjonar sidan. Våre referansepunkt er ikkje berre avgrensa av lokal eller nasjonal horisont. Ulike regionale nivå verkar inn, og over oss kvelvar det seg ein global himmel.

 

Siktemålet med dette masterstudiet er nettopp å skape forståing for korleis den regionale arenaen påverkar oss og er av betydning for måten vi formar og ivaretar vår natur og kultur på.

Masterprogrammet

Masterprogrammet i Region og regionalisering er eit tverrfagleg samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Det juridiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det historiskfilosofiske fakultet.

Programmet gir studentane innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei, korleis dei fungerer og korleis dei vert endra. Studentane vil også få grunnleggjande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar, og dei vil få kunnskapar om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna.

Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til eit økt behov for kompetanse i offentlig forvaltning, hjå planleggarar og i næringslivet. På universiteta og høgskulane har ein i lengre tid utført forsking og undervisning med regionale perspektiv, men fram til no har denne forskinga og undervisninga vore lite tverrfagleg. Programmet er profilert mot desse felta.

Beslutningstakarar i næringsliv og offentleg forvaltning vil i framtida stå overfor store omstillingsoppgåver når det gjeld utvikling av nye kommunale og regionale einingar. Etter fullført masterprogram vil studentane vere kvalifisert til å utføre desse oppgåvene.