Risa ny styreleiar i Uni
-Partnarskapet med randsona viktig for Universitetet i Bergen, seier Risa.
Main content
Published: 16.06.2011
Frå 1. juni tok professor Alf Erling Risa ved Institutt for økonomi over som styreleiar i Uni Research AS.
-Det er viktig for målsettinga Universitetet i Bergen har om å vere eit godt forskingsuniversitet at våre nære samarbeidsinstitusjonar er gode. Eg går derfor inn i styrearbeidet med ambisjonar om å bidra til at Uni Research AS er og fortset å vere ein forskingsinstitusjon med fagleg tyngde, seier Risa i ein kort kommentar.