Home
From manuscript fragments to book history

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Jul i middelalderen

Julesongar frå fortida

Kva songar blei framførte under julefeiringa her i landet i mellomalderen? Svaret finst blant dei 6000 fragmenta frå norske handskrifter som har overlevd som innbindingar på arkivmateriale frå 15- og 1600-talet. Her finst både tekst og musikknotasjon for julesongane frå fortida.

Fragment
BUD OM JESUS: Fragment av bilde som viser engelen Gabriel som kommer med budskapet om Jesus fødsel til jomfru Maria.
Photo:
Universitetsbiblioteket i Bergen, MS 504. Foto: Øystein Klakegg

Main content

Den latinske adventshymna Conditor alme siderum blei sungen gjennom  heile adventstida, inkludert på litle julaftan. I det norske fragmentmaterialet finst hymna blant anna på ein bit av eit handskrift frå første halvdel av 1300-talet (NRA, Lat. fragm. 584).

Til ære for han som skapte stjernene

Som i ei moderne salmebok er berre den første strofa utstyrt med notar. Conditor alme siderum har seks strofer til ein enkel melodi, og teksten er til ære for han som har skapt stjernene, han som er det evige ljoset, Kristus frelsaren.  Om du har lyst til å syngje hymna sjølv, finst ho i Norske salmebok 2013 som no. 93 (i førre salmebok no. 2), i ei omsetjing av Ragnhild Foss frå 1938: Ditt skaparljos i stjernor bur.  

Julenatt med tapt utsmykking

I Riksarkivet finst eit dobbeltblad frå ei liturgisk songbok i stort format (NRA, Lat. fragm. 972). Boka blei truleg laga i Noreg på midten av 1200-talet, og utstyrt med dekorerte forbokstavar, nokre med gull. Songen Hodie nobis celorum rex i tidebøna for julenatta hadde ein dekorert forbokstav som strekte seg over heile seks linjer. I mellomalderhandskrift er ‘H’-en i Hodie nobis celorum rex ofte rikt dekorert, gjerne med Maria med barnet. På eit tidspunkt har nokon tykt at bokstaven i dette fragmentet var så fin at dei skar han ut for å behalde han – og dermed er han gått tapt. Men teksten har me framleis, og den lyd slik i norsk omsetjing:

«I dag er himmelkongen fødd oss av ei jomfru for å kalle det fortapte mennesket tilbake til himmelriket. Flokken av englar gler seg avdi evig frelse har synt seg for menneskeslekta.» 

Festhymne for første julemesse

Festhymner, også kjent som sekvensar, var særs populære i Nidaros erkebispedømme, og eit stort antal festhymner er bevarte i fragmentmaterialet.  I restane av ei norsk songbok frå siste halvdel av 1100-talet (NRA Lat. fragm. 336) finst fleire festhymner frå juletida, deriblant Nato canunt omnia. Nato canunt omnia skulle syngjast under den første av i alt tre messer på juledagen. Teksten handlar om julenatta, og skildrar englane som sang ‘Ære være Gud i det høgste’ (‘Glora in excelsis Deo’). I vårt fragment er tre av i alt åtte strofer bevarte, samt litt av fjerde strofe:    

1. Alle skarer syng fromt for Herren som er fødd; staving for staving kling melodiane
2. Dette er den heilage dagen då ei ny glede fullt og heilt vart gjeven til verda; denne opphøgde natta tona "Gloria" med englestemmer
3. Midt på natta stråla eit stort ljos for hyrdingane; medan dei vakta sauene sine fekk dei brått eit guddommeleg bod
4a. [Av ei nådig jomfru] er han fødd, .

Nato canunt omnia finst i norsk innspeling frå 2011 ved det gregorianske kvinnekoret Schola Solensis og er blant anna tilgjengeleg på iTunes og Spotify (Schola Solensis – Nato canunt omnia).