Home
University Leadership

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Samlast for å diskutere strategi

I desember skal UiB sin strategiplan fornyast. Fredag får tilsette og studentar høve til å påverke UiB sine val for framtida.

Main content

Den noverande strategiske planen for UiB skal fornyast før jul. Sidan 2009 har ei arbeidsgruppe teke for seg UiB sine vegval og prioriteringar dei neste fem åra. I september la arbeidsgruppa fram sitt utkast til strategiplan, som no er ute på høyring. Fredag er det tilsette og studentar sin tur til å uttala seg om planen.

Gjeld UiB si utvikling

Rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, håpar på godt oppmøte i Auditorium II på Dragefjellet. Det er ei viktig sak som vert teke opp.

 – Den strategiske planen er sjølve hovudgrunnlaget for korleis UiB skal vidareutvikla seg, seier han.  

Utkastet til ny strategisk plan skisserer dagens situasjon ved UiB, komande utfordringar og mål og strategi for å møte utfordringane.  

– Me har lagt stor vekt på å vere tru mot det langsiktige hovudmålet for UiB, å vidareutvikle universitetet som eit internasjonalt synleg forskingsuniversitet, sa prorektor Berit Rokne til UiB si nettavis På Høyden då utkastet vart lagt fram i september. Rokne har leia arbeidsgruppa på elleve personar.

– Må vera forankra

Planutkastet er i haust ute på høyring på fakultetsnivå. Fredag er det altså tilsette og studentar ved UiB sin tur. Etter ein presentasjon av planen vert det invitert til open diskusjon om utkastet.

Rektor understreker at alle skal ha høve til å seie sitt.

– Dette er noko som gjeld heile heile UiB, ikkje berre leiarane ved fakulteta. Det er framfor alt dei tilsette og studentane som driv universitetet framover. For meg som rektor er det viktig at dei vegvala me tek er godt forankra i heile universitetssamfunnet, og det er difor me arrangerer dette høyringsmøtet, seier han.

Høyringsmøtet vert halde i Auditorium II i Jussbygget på Dragefjellet mellom klokka 12 og 14 på fredag.

 

Relevante lenker:

Les utkastet til strategiplan her (pdf).

Arbeidet med strategisk plan 2011-2015.

Invitasjon til høyringsmøte.