Home
Research group for rhetoric, democracy and public culture

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
I media

Retorikkgruppen kommenterer bondeaksjonen

Stipendiat Trygve Svensson minner om at det er forskjell på oppslag og gjennomslag.

Bildet viser stipendiat Trygve Svensson i studio hos NRK.
Stipendiat Trygve Svensson i aksjon hos NRK (Foto: Skjermdump fra NRK-nett-TV).
Photo:
NRK

Stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitenskap Trygve Svensson kommenterer landbruksoppgjøret og bondeaksjonen i NRK Vestlandsrevyen 19. Mai.

– Bøndene klarer å overbevise oss om at de mener alvor, melder Svensson til NRK.

Han forteller videre at bøndene er flinke til å få medieoppslag, men minner om at det dermed ikke er garantert at de får gjennomslag for sine saker. Oppmerksomhet i mediene er imidlertid spesielt viktig nå som forhandlingene mellom Regjeringen og bøndene har brutt sammen:

– Nå foregår kampen både i forhandlingsrom og i opinionen, sier Svensson.


Svensson har også uttalt seg om bondeaksjonen til avisen Nationen:

"(...) SAKSET FRA NATIONEN: (For å lese hele artikkelen fra Nationen, som har intervjuet en rekke eksperter om tilstandene i landbruksoppgjøret, må en betale for avisen på nett eller papir)


Historiske bondeopprør


Frå Universitetet i Bergen har stipendiat Trygve Svensson, tidlegare statssekretær i regjeringa Stoltenberg, sett på mengda av klypp frå bondeaksjonane landet over.

Han meiner bondeopprør har sterke, historiske røter i Noreg, og at det har noko å seie for korleis det blir tolka.

- Når eit parti som har identitet som opprørsparti møter ein anna opprør er det ikkje rart det blir konflikt. Når for eksempel bøndene i Nome i Telemark brenn ned eit hus er det eit sterkt verkemiddel. Vi må leite langt etter andre grupper i landet som aksjonerer på same måte.

Svensson seier bøndene argumenterer både med ord og bilete.

- Å seie at bonden kjem til å bli borte og å snakke om industrilandbruk er sterke ord. Størst merksemd får dei likevel når dei for å beskrive at eit tilbod er eit drittilbod kjører ei vogn med møkk fram framfor Stortinget. På den måten blir det meir spektakulært.

I Eid i Sogn og Fjordane vart ordførar Alfred Bjørlo overlate 30 sauer av dei lokale bøndene.

- Som venstremann representerer han eit av nøkkelpartia i oppgjeret. Når dei gir han ansvar for sauer som spring vilt på plena er det ein aksjon som er artig, og det skjer med godt humør. Men det set også politikaren i skvis.


Høgt på banen


- Det som er interessant er at statsråden gjekk så høgt på banen i angrep på bøndene. Vi veit at Frp står for ein annan landbrukspolitikk enn den som lenge har blitt ført. Det som har kjenneteikna partiet at dei har dyrka «den gode fienden», seier Svensson.

Han meiner at når Sylvi Listhaug, som har bygd seg opp politisk i Oslo Frp, har ein konflikt med Distrikts-Noreg er det noko anna enn det ville vore for statsrådar frå andre parti.

- Eg kan ikkje sjå for meg at det i Oslo Frp er mange forsvararar av den norske småbrukaren. Tysdag vende Listhaug seg mot forbrukarane. Det er der ho prøver å skaffe seg ein identitet. Bøndene må også halde oppe alliansen med forbrukarane om dei skal vinne denne kampen. Folk har blitt meir opptekne av kva dei puttar i kroppen, så eg trur vi kjem til å høyre mykje frå Listhaug og matvareprisar framover.

- Ser vi ein planlagt strategi frå statsråden si side?

- Ja, Frp-folk har alltid vore flinke til det, seier Svensson.

(...)"