Home
Research Group for Medieval Philology

Editio latissima

Odd Einar Haugen presenterer om prosjektet Editio latissima

I 2020 oppretta forskargruppa eit nytt prosjekt for digitale breiddeutgåver, Editio latissima. Målet med dette prosjektet er å knyte saman fleire ressursar i eitt overordna brukargrensesnitt: transkripsjon av originaltekstar på opptil tre nivå, fotografisk faksimile i fargar, morfologisk annotasjon (oppslagsform og grammatisk form) av kvart ord i teksten, parallell omsetjing av originalteksten setning for setning og parallell syntaktisk annotasjon også setning for setning.

I første omgang omfattar dette prosjektet to sentrale gammalnorske tekstar, Gammalnorsk homiliebok i AM 619 4to (ca. 1200-1225) og Magnus Lagabøtes landslov i Holm perg 34 4to (ca. 1276-1300).

Ein pilotversjon vil bli oppretta i løpet av 2020.

Odd Einar Haugen er professor i norrøn filologi ved UiB.