Hjem
Dyreavdelingen
Nasjonalt kurs i forsøksdyrlære (CAREIN)

CAREIN - Opplæring for studier i gnager, gris og modellfisk

Universitetet i Bergen er verstinstitusjon for eit nettbasert kurstilbod i forsøksdyrlære (CAREIN) som er utvikla og undervises i samarbeid mellom UiO, UiT, NTNU og UiB. Kurset er på 8 studiepoeng og dekker krava til teoretisk opplæring for funksjonane A, B og D i EUs rammeverk knytta til bruk av gnager, gris og modellfisk i forsking.

COURSE in ANIMAL RESEARCH in NORWAY
Foto/ill.:
A. Brønstad

Hovedinnhold

Kurset er ope for masterstudentar og Ph.d.-kandidatar ved UiB og andre lærestadar som har behov for opplæring i forsøksdyr i samband med utdanninga eller forskinga si.

Er du tilsett ved private verksemd og annan forskingsinstitusjon eller laboratorie? Då kan du også ta kurset, mot ei studieavgift. Les mer her: Forsøksdyrlære | Etter- og videreutdanning | UiB

Hovudmålet med kurset er å sikre etisk og human bruk av dyr i forskning, og design av dyrestudier som sikrar innsamling av informative, objektive og reproduserbare data frå gjennomførte dyreforsøk.

Kurset dekkar artsgruppene gnagarar, svin og modellfisk (t.d sebrafisk, medaka) når dei nyttast som modellorganismar i biomedisinsk forsking. Tilstrekkelig opplæring er naudsynt etter norsk lov for personell som planlegg og/eller utførar dyreforsøk i Noreg. Emnet oppfyllar krava til teoretisk opplæring for funksjonane A, B og D i medhald til EU-kommisjonen sitt rammeverk for utdanning og opplæring.

Merk at for å utføre prosedyrar på dyr (funksjonane A og D) må ein i tillegg fullføre praktisk opplæring i samsvar med krava som gjeld. Praktisk opplæringsmodular er ikkje ein del av den teoretisk CAREIN ved UiB, men praksisopplæring vert tilboden som separate kurs hjå dei samarbeidande universiteta. Du kan lese meir om dette under avsnittet praksiopplæring lenger nede. 

PhD kandidater som søkjer kurset, kan meldes opp til PhD kurs med eksamen.

Gjennomføring

Kurset vert tilboden kvart semester. 

Undervisinga er nettbasert, og UiBs læringsplattform MittUiB nyttast til dette føremålet. 

Undervisinga leggast opp som ein kombinasjon av sjølvstudium med asynkrone undervisingsmiddel (førehandsinnspelte e-førelesingar, videoar og sjølvtestar) og digital nettundervising i sanntid. Kurset nyttar engelsk som undervisingsspråk.

Det nyttast heimeeksamen som vurderingsform. Sjå ellers emnebeskrivinga for meir informasjon om obligatoriske undervisingsaktivitetar.

Oversikt over kurset ser du her: 

Kursuke HøstVår
1IntroforelesningUke 34Uke 2
2SelvstudiumUke 35Uke 3
3SelvstudiumUke 36Uke 4
4Gruppearbeid I Uke 37Uke 5
5ForelesningerUke 38Uke 6
6GruppearbeidUke 39Uke 7
MCQ 
Hjemmeeksamen publiseres 
9Frist for innlevering 42Uke 10
11Sensurmøte44Uke 12
12Sensurfrist (3 uker etter innlevering) 45Uke 13

Opptak

  • Masterstudentar og Ph.d.-kandidatar frå institusjonar i Noreg søkjer opptak via Søknadsweb. Opptakskrav er bachelorgrad eller tilsvarande innanfor relevante fagfelt, samt at søkar er oppteken til eit relevant master/Ph.d-program.
  • Eksterne søkjarar søker opptak via EvuWeb

Frister for opptak

  • Kurs i vårsemesteret: 1.12 - svar publiseres rundt veke 51
  • Kurs i høstsemesteret: 1.6 - svar publiseres rundt veke 26.

Søknadsweb åpner cirka 6 veker før søknadsfrist. 

Denne sida oppdateres med informasjon om frister, og det forventes at søkjarar holder seg opdatert med relevant informasjon på denne sida.  

Dokumentasjonskrav

  • Søkjarar med bachelorgrad eller tilsvarande frå Noreg treng i utgangspunktet ikkje dokumentere denne, så framt dokumentasjon  kan hentas elektronisk.
  • Søkjarar frå andre lærestadar enn UiB må laste opp dokumentasjon på kva masterprogram ein studerar ved (t.d opptaksbrev eller annan stadfesting)
  • Søkjarar med bachelorgrad frå utlandet må laste opp vitnemål med alle tillegg

All dokumentasjon må følgje søknaden, ingen dokumentasjon vil bli etterspurd. Manglande dokumentasjon vil medføre avslag. 

Praksisopplæring

Personar som skal utføre prosedyrer på dyr må dokumentere at dei meistrar praktiske prosedyrer.

Praksisopplæring inngår ikkje i det teoretiske CAREiN kurset - men skal gjennomføres på heiminstitusjonen.

Følg lenkjen for informasjon om praksis på den enkelte lærestad:

 

 

Dokumenter