Hjem
Institutt for geografi
Alumni

Takk for sist, geografar!

I år hadde den faglege delen av programmet eit tematisk fokus på klima, miljø og geofare. Den sosial delen handlar også om gjensynsglede, oppdateringar og mimring.

Alumnustreff 18
Atle Andersson. Torgeir Fiskum Hansvik, Pål Ringkjøb Nielsen og Marikken W. Wathne hadde dei faglege innlegga. Stina Ellevseth Oseland styrte samtalen etterpå og Peter Andersen ønska alle velkommen.

Instituttleiar Peter Andersen starta med å ønska rundt 50 geografar velkomen til alumnustreffet på Studentsenteret 28. april før han sette i gang det faglege programmet i Egget med eit tematisk fokus på klima, miljø og geofare.

Geograf i journalistikken

Atle Andersson er journalist i samfunnsavdelinga i Bergens Tidende og skriv ofte om klima, miljø og energi. Han fortalte om nokre av dei sakene han har har jobba med og viste relevans i geografiutdanninga for dagsaktuelle saker som han jobbar med. Han tok opp saker med tema som naturfare, ulike energikjelder, norske klimakvotekjøp i utviklingsland og natur og miljø i samband med kraftutbygging, oppdrettsnæring og vegutbygging.

Smarte byar

Marikken W. Wathne er vitskapleg assistent på SpaceLab og jobbar mellom anna saman med Håvard Haarstad på eit prosjekt om smarte byar i Europa. Ho viste korleis byar som Nottingham, Stockholm og Stavanger jobbar med løysingar for å utvikla byane i meir klimasmarte retningar. Samtidig fortalte ho korleis ho som geografistudent alltid har sett geografi som eit verktøy for å forbetre verda.

Kvardagen som skredkonsulent

Torgeir Fiskum Hansvik jobbar i Rambølls skredseksjon. Han fullførte master i naturgeografi i 2013, og har sidan jobba i konsulentbransjen med arealplanlegging og skredfarevurderingar. Han viste korleis dei no jobbar med kartlegging og vurdering av skredfare med eit korkret døme frå Strand kommune, der dei gjorde ei kartlegging på oppdrag frå NVE. Prosessen inneheld eit forarbeid med GIS-analysar, dokumenterte skredhendingar og klimaanalyse, eit feltarbeid med kartlegging og intervju og etterarbeid som går ut på å modellere skredutløp.

Stormaktivitet i Noreg i tid og rom

Pål Ringkjøb Nielsen er postdoktor i naturgeografi ved Institutt for geografi og er oppteken av stormaktivitet i Noreg. Stormar kan føra til store øydeleggingar og naturkatastrofar og vi treng kunnskap om endring i vindmønsteret tilbake i tid. I det prosjektet han jobbar med no er målet å rekonstruere stormaktivitet langs norskekysten.  Kjennskap til stormar er viktig både fordi stormar og stormflo utgjer dei største utbetalingane etter norske naturskadar. I tillegg er produksjon av vindkraft ei av dei mest lovande kjeldene til berekraftig energiproduksjon langs kysten.

Ordstyrar Stina Ellevseth Oseland, stipendiat ved Institutt for geografi, leia ein samtale mellom panelet og salen etter innlegga.

Mat, mingling og mimring i Muntlig

Etter ei fagleg oppdatering var det tapas i Muntlig. Takk til alle som deltok og gjorde den sosiale delen av treffet så bra!