Hjem
Institutt for geografi
Studere geografi

Vidt perspektiv med geografi

Geografifaget har ein tverrfagleg styrke som gir viktig kunnskap for mange av dei utfordringane samfunnet har i framtida. Geografistudiet er spennande og samfunnsaktuelt. Og geografistudentane er sosiale og hyggelege. Møt to av dei her.

Anne Kathrine Wenaas Ribe og Sven Selås Kallevik studerer geografi ved Universitetet i Bergen.
Foto/ill.:
Grethe Meling

Anne Kathrine Wenaas Ribe og Sven Selås Kallevik studerer geografi ved Universitetet i Bergen og deler erfaringane sine om geografistudiet i Bergen. Anne Kathrine går andre året på bachelorprogrammet og Sven går siste året på masterprogrammet. Dei kom fram til geografistudiet på ulike måtar.

Kvifor geografi?

Anne Kathrine studerte eigentleg på eit anna studieprogram, men vart kjent med ein geografistudent som fortalte mykje spennande om geografifaget, og ho vart nysgjerrig på faget.

- Eg var ikkje så veldig glad i geografi på grunnskule og vidaregåande skule. Eg valte først eit studium som var veldig populært. Interessa for geografi kom seinare, då eg oppdaga at geografi dekker så mykje, seier Anne Kathrine.

For Sven var det annleis. Han har alltid vore interessert i geografi.

- Eg var jo av den typen som ønska meg atlas til bursdagen då eg var 8 år og klaga alltid på at det ikkje var nok geografiundervisning på skulen. Det var ei stund litt vanskeleg å sjå for seg eit skikkeleg yrke med geografi. Men etter fysikk på vidaregåande vart eg sikker på at eg ikkje skulle bli vegingeniør, og no tenker eg at geografi var eit riktig val for meg. Eg kunne ikkje tenka meg noko anna, seier Sven.

Geografi er meir enn du trur

For mange som ikkje har studert geografi på universitetet, handlar geografi om hovudstadar, landegrenser, lange elver og høge fjell. Anne Kathrine og Sven er einige om at det blir verkeleg spennande når du oppdagar kor mykje meir det er.

- Vi kikka mykje på kart i geografitimane på skulen, men då eg fann ut at eg med ei geografiutdanning faktisk kan vera ein av dei som produserer og analyserer kart av ulike slag var det utruleg artig, seier Anne-Kathrine.

Når dei skal forklara kva geografi er og kva dei driv med, tar dei ofte utgangspunkt i den tverrfaglege styrken til geografifaget, og at dette er viktig kunnskap for mange av dei utfordringane samfunnet har i framtida.

- Dersom du til dømes vil jobba med by- og arealplanlegging, vil geografibakgrunnen vera viktig. Byplanlegging handlar ikkje kun om økonomi eller arkitektur. Geografi kan bidra med fleire perspektiv, til dømes kunnskap om flaum- og skredfare frå naturgeografien, eller kunnskap om befolkningsutvikling og trekk ved staden frå samfunnsgeografien, forklarar Anne Kathrine.

Anne Katrine og Sven ser fordelane med den breie forståinga i geografifaget. Du blir tvinga til å sjå ting frå ulike sider og sjå samanhengen mellom samfunn, natur og miljø. Det er kanskje litt forvirrande av og til å ha eit så vidt perspektiv, men også veldig spennande!

- Det var samfunnsgeografidelen som overraska meg mest. Særleg spennande var det for meg å oppdaga at eg opparbeida meg kunnskap til å følgje med på til dømes verdsøkonomi og globalisering, og ha sterke meiningar om utviklingspørsmål. Med den geografiske, tverrfaglege bakgrunnen får du ei unik evne til å kunne sjå problemstillingar frå fleire sider, meiner Sven.

Geografi må opplevast

Ein viktig del av geografistudiet er å sjå og oppleva faget i praksis. Feltkurs er difor ein viktig del av undervisninga. Gjennom feltkursa får studentane koma seg ut og gjera mindre studiar av faktiske problemstillingar. Du tar forståinga av det du har lært i teoribøkene og forelesingssalane til eit nytt nivå når du får prøvd ut kunnskapane i praksis. Sven har mange døme på slike opplevingar gjennom studietida, og fortel om eit feltstudium han var med på i Shenzhen i Kina då han var utvekslingsstudent i Hong Kong. Han hadde lest mykje om reformene i Kina under Deng Xiaoping, då det vart innført små lommer for utprøving av kapitalisme.

- Det å koma til Shenzhen og sjå framveksten og moderniseringa av byen sidan innføringa av reformene var slåande. Kjensla av å vera i denne byen, så fjernt frå kulturrevolusjon og det store spranget var fasinerande, men mest fasinerande var det for meg å oppdaga at eg visste både kvifor og korleis denne byen faktisk hadde blitt slik, fortel Sven.

Dei er begge einige om at du kan bli litt skada av å studera geografi. Du relaterer det du ser rundt deg til det du nettopp har lest om. 

Sosiale geografistudentar

Anne Kathrine stortrives som geografistudent, og meiner at det er eit spesielt godt sosialt miljø på faget. Sven er einig. Det verkar som faget trekk til seg sosiale og hyggelege menneske, men han ser også at alle feltkursa er ein viktig grunn til det gode miljøet. Alt i første semester blir studentane tatt med ut i felt.

- Du blir plassert i ein buss og skyssa vekk frå universitetet i starten av studiet. Slik blir du ekstra godt kjent med medstudentane dine tidleg og det er viktig. Når du reiser vekk, blir du kjent med folk på ein anna måte. Feltkursa set eg stor pris på, seier Sven.

Geografisk klubb gjer også ein kjempejobb for det sosiale miljøet. Dei har om lag seks arrangement i semesteret for alle geografistudentar. Her møtes geografistudentar frå ulike kull. Det er også viktig for samhaldet.

- Og så er det mange spennande folk som studerer geografi. Det er mange med litt sære interesser her, seier Anne Kathrine.

Bachelorstudent med masterplanar

Anne Kathrine skal dette semesteret på feltkurs til Jostedalen. Før det skal ho ta metodekurs og teorikurs om kulturlandksapets geografi.

- Det er god struktur på undervisninga dette semesteret. Vi startar med metodekursa tidleg i semesteret, så blir det teoriemne før vi reiser vi på feltkurs og til slutt kjem produktet: Feltrapporten som også er bacheloroppgåva i geografistudiet, seier Anne Kathrine.

Ho er litt usikker på om ho skal bli masterstudent til hausten. Ho kan nemleg ta inn frie studiepoeng frå tidlegare studium i graden og bli ferdig dette semesteret, men har også lyst til å ta fleire geografirelaterte fag.

- Eg har jo kun vore geografistudent i to år. Sven har jo vore det heile livet! Eg er fersk, og prøver å koma inn i det å vera geografistudent fagleg. Eg kunne også tenkt meg å reisa på utveksling i bachelorgraden og dra nytte av det å studera geografi ved andre universitet, forklarer ho.  

Men ho har bestemt seg for å ta ein mastergrad i miljøgeografi, og ser fram til å ha sitt eige masterprosjekt.

- Tema for masterprosjekt er ikkje klart enno, men det er mogleg det blir noko innanfor vegetasjonsendring. Det å sjå på skog kan til dømes vera ei tilnærming til å sjå på effekten av global oppvarming, seier ho om sine planar.

Innspurt med masteroppgåve

For Sven er det skriving av masteroppgåve det går i dette semesteret. Han skriv masteroppgåve om arbeidsmigrantar i New Delhi i India.

- Eg har krampe og melkesyre, og nærmar meg mål. Eg skal vera ferdig med masteroppgåva 15. mai. Eg får tilbakemelding frå rettleiar undervegs. Rettleiar treff eg også i gangen. Det er lett tone mellom student og professor på Institutt for geografi. Dørene er opne, seier Sven.

Siste semester på master er både stress, gøy og litt vemodig. Sven tenker tilbake:

- Eg har gjort så mykje spennande. Eg hadde aldri trudd at eg nokon gong skulle enda opp på ein øy i Hardanger for å kartlegga beiteskader av hjort på tre! Og ikkje kunne eg tenkt meg at eg skulle vera ei veke på feltkurs i Nordkapp, og i mitt andre studieår skulle sitta og intervjua ordføraren der om korleis dei driv kommunen eller direktøren for Rica-hotellet om kvifor dei investerer pengane sine i England i staden for i lokalsamfunnet. Det same året var medstudentane mine på eit anna feltkurs askefaste på Island. Slikt skjer når du studerer geografi!