Hjem
Det humanistiske fakultet
spurveugleprisen 2022

Pris til festival med blikk på musea

Under nyvinninga «Museologifestivalen» fekk kunsthistoriestudentane møte ulike aktørar og problemstillingar frå kunst- og kulturfeltet. Tiltaket mottek fakultetets utdanningspris for 2022.

Profilplakat for museologifestivalen
SPURVEUGLEPRISEN: Forskargruppa Visuell kultur får Spurveugleprisen 2022 for arbeidet med Museologifestivalen.
Foto/ill.:
UIB

Hovedinnhold

Eit stykke ut i september, då semester-tralten var godt i gang, blei den ordinære undervisninga for UiBs kunsthisoriestudentar sett på pause, og første utgåve av Museologifestivalen gjekk av stabelen.

Frå morgon til kveld gjennom ei heil veke fekk studentane delta på brennaktuelle foredrag og panelsamtalar mellom viktige aktørar på kunst- og kulturfeltet, innanfor ulike tema som kjønn og mangfald, utstillings- og formidlingsstrategiar, kuratering, museumsarkitektur, privat kapital i museet, formidling av vanskelege historier, og kolonial arv i museet.

Museologiske perspektiv i utdanninga

Festivalen, arrangert av forskargruppa Visuell kultur, er det siste av ei lang rekke tiltak for å integrere og videreutvikle museologiske perspektiv som del av utdanninga i kunsthistorie. Den er no belønna med Det humanistiske fakultet sin spurveuglepris, fakultetets pris for utdanningskvalitet, for sitt pedagogiske og arbeidslivsrelevante opplegg.

– Det var ei veldig inspirerande veke både for studentane og oss tilsette, med skikkeleg bra festivalstemning på Litteraturhuset og her på campus.

– Vi har allereie byrja å snakke om kva tema vi vil fokusere på neste gong, seier leiar av forskargruppa og professor i kunsthistorie, Sigrid Lien, og rosar særleg innsatsen til dei nyutdanna masterstudentane, Tuva Mossin og Jakob Myklebust Huus, i arbeidet med å utvikle og gjennomføre arrangementet.

Forskar held foredrag på Litteraturhuset i Bergen

Mathias Danbold, tidlegare kunsthistoriestudent og doktorgradskandidat ved UiB, no professor ved Universitetet i København, held keynote-forelesing om kolonial ignoranse og kolonialismekritiske praksisar i kunsthistoria.

Foto/ill.:
Sigrid Lien, UiB

Kontakt med framtidig arbeidsliv

– Musea er ein framtidig arbeidsplass for mange av studentane våre. Gjennom festivalen fekk dei eit møte med den verda mange dei kjem til å gå inn i, og eit høve til å bli betre kjend med sentrale problemstillingar i museumssektoren, seier Lien.

– Det var òg viktig for oss å skape ein arena der studentane fekk kome til orde og der dei kunne vite at dei blei høyrt. Opplevinga av å bli tekne på alvor skal ein ikkje kimse av. Her fekk dei stille spørsmål til erfarne fagfolk og delta i diskusjonar.

Studentane fekk møte heile spekteret av fagfolk som jobbar på musea, blant andre museumsleiarar, kuratorar, forskarar, og utstillingsdesignarar.

– Det vil alltid vere nyttig å knyte tettare band med dei som arbeider med utstillingsproduksjon, formidling og samlingsforvaltning i musea, meiner Lien.

Fire kvinner debatterer på scena på Litteraturhuset i Bergen

Paneldiskusjon rundt temaet vanskelege forteljingar i museet, med deltakarane Tonje Haugland Sørensen, postdoktor i kunsthistorie, Jorun Larsen ph.d.-kandidat i kunsthistorie, Hanne Steien, utstillingsansvarleg ved Holocoustsenteret og forskar ved Holocoustsenteret, Mona Abdel-Fadil

Foto/ill.:
Sigrid Lien, UiB

Eit kritisk blikk på historiefortellingane

– Musea er våre offentlege historieforteljarar. Det er svært viktig at studentene våre utviklar eit kritisk medvit rundt utstillingsproduksjon og den faglege verksemda som finn stad i musea, seier Lien.

Faget museologi førebur studentane på nokre av dei problemstillingane dei vil møte når dei sjølv skal ut i arbeidslivet. Om ein jobbar på museum er ein til dømes med på å definere kva delar av historia som skal forteljast og kva som skal utelatast, med andre ord kva som skal formidlast og korleis dette skal gjerast, og ikkje minst ta stilling kva målgrupper utstillinga skal rette seg mot, kven ein snakkar til.

– Det kritiske blikket er viktig, men i møte med fagfolk får studentane også forståing for dei museumstilsette sine perspektiv, kva mogelegheiter og begrensningar som kan bidra til å forme arbeidet deira, til dømes det dei faktisk har av tid og pengar, ressursar og materiale. Dette opnar også for refleksjonar rundt kva musea har og ikkje har som «råmateriale» i samlingane, kva dei kan seie og ikkje seie, og kor vanskelege val og dilemma ein ofte står ovanfor i museet.