Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Beslutningsforum betaler meir for å behandle alvorlege tilstandar

I ein ny studie frå Universitetet i Bergen (UiB) er hemmelege legemiddelprisar nytta til å vise korleis sjukdommen sin alvorsgrad påverkar betalingsviljen for nye legemiddel i Noreg.

hvite tabletter spredt utover et bord. Beholder i bakgrunnen av bildet
Legemiddel er dyrt, og UiB-forskarane fant at myndigheitenes betalingsviljen er større jo meir alvorleg tilstandane er.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Høge legemiddelprisar er eit globalt problem, og ulike land har ulike system for prisforhandlingar og godkjenning av nye legemiddel. I Noreg vurderast nye legemiddel til spesialisthelsetenesta i Nye metoder-systemet, etter dei tre prioriteringskriteria helsenytte, ressursbruk og alvorsgrad.

– Det at dei framforhandla legemiddelprisane er hemmelege gjer forsking på prioritering av legemiddel vanskeleg, og difor er vi veldig nøgd med at vi har fått tilgang til desse hemmelege prisane i vår studie, seier Eirik Joakim Tranvåg som har vore stipendiat ved Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS) og Senter for kreftmarkørar (CCBIO) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

I den nye studien frå UiB er alle legemiddelavgjersler i Nye metoder-systemet frå 2014 til 2019 analysert, og dei har kunne nytte dei hemmelege legemiddelprisane som ligg til grunn for kostnad-effekt-vurderingane i artikkelen.

Forskarane fant at avgjerslene i stor grad følgjer dei politisk vedtekne prioriteringskriteria og betalingsviljen er større jo meir alvorleg tilstandane er. Dette gjeld og for nye kreftlegemiddel. Samanlikna med legemiddel for mindre alvorlege tilstandar er legemiddel for meir alvorlege tilstandar godkjende med ein høgare kostnad per vunne kvalitetsjusterte leveår. Forskarane finn óg at legemiddel som blir avslått oftast har ein langt høgare kostnad per kvalitetsjusterte leveår enn dei som blir godkjend.

– Det er mange som har meiningar om Nye metoder og prosessen rundt innføring av nye legemiddel, og vi håper at vår forskingsartikkel kan tilføre noko til denne debatten. I tillegg meiner vi at artikkelen har internasjonal relevans, for dyre legemiddel og avgrensa ressursar er noko som helsesystem i alle land slit med, seier Tranvåg.

Link til artikkelen i JAMA Network Open: https://jamanetwork.com/journals/jamanetworkopen/fullarticle/10.1001/jamanetworkopen.2022.19503?utm_source=For_The_Media&utm_medium=referral&utm_campaign=ftm_links&utm_term=062922