Hjem
Institutt for sosialantropologi
Studere sosialantropologi

Vellykka hybrid sommarskule

– Det er ikkje lenger nokon tvil om at det er sosialantropolog eg vil bli, seier Ilakkiya M. Simon. Gjennom tolv intensive dagar har dei norske og georgiske studentane fått ein prøvesmak på kva det antropologiske feltarbeidet eigentleg går ut på. At dei har lært ein heil del om både faget og seg sjølve er dei også samde om.

Neste
Sommarskule SANT270
Rundt langbordet: Dei har aldri møtt kvarandre fysisk, men nye teknologiske hjelpemiddel legg tilrette for god interaksjon, likevel. Studentane var samd om det har vore ein felles sommarskule, og at norsk og georgisk side har blitt overraskande godt kjent gjennom skjermen.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
1/8
Georgisk side sommarskulen
Professor Ketevan Khutsishvili, Nino Gvaramia, Ila Sikharulidze, Mariam Digmelishvili, Elene Chkhvirkia, Anano Ckhetiani, Elene Beraia, Tata Chrdileli og vitskapleg assistent Boris Komakhidze.
Foto/ill.:
Giorgi Cheishvili
2/8
Fotoøving Kirkenes
Ein av dei praktiske øvingane før feltarbeidet var å dokumentere visuelle tematikkar i nærområdet. Synne og Vilde utforska ulike formar for møtepunkt i Kirkenes.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
3/8
Ilakkiya M. Simon i Vardø
"Expressions of diversity in Vardø and Borjomi" var Ilakkiya og Nino sin tematikk. Ilakkiya såg på uttrykk for relasjonar i Vardø, mellom anna innan kunstfeltet. Her framfor grafittikunst av Pøbel.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
4/8
Utstnitt studentpresentasjon
Å gjere greie for innpass i felt og metode for innsamling av data stod sentralt i studentpresentasjonane. Ragnhild og Mariam såg på forvaltning av naturressursar i Båtsfjord og Borjomi. Til høgre ser vi Ragnhild speide etter fiskarar frå kaia.
Foto/ill.:
Ragnhild Marie Bøe og Mariam Digmelishvili
5/8
Ingrid, Ragnhild og Ida ved fossen
Guiden til Grense Jakobselv hadde mange historiar om fiske langs grensa med ofte dyre og (nesten) fatale konsekvensar. Ingrid, Ragnhild og Ida tar ein pause under bussturen.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
6/8
Kularedaksjonen på stranda
Promotering på høgt nivå ved Barentshavet. KULA KULA, det einaste antropologiske studenttidsskriftet i Noreg.
Foto/ill.:
Ragnhild Marie Bøe
7/8
Sommaskulen SANT270
Antropologar og antropologispirar framfor russisk grensestolpe på andre sida av Jakobselva. Bak t.v.: Vitskapleg assistent Ingrid Kroken, Vilde Henriksen, professor Tone Bringa, Ida M. Aakerholt, Ragnhild Marie Bøe og Maren Brekke. Framme t.v.: studierettleiar Nina B. Dahl, prosjektmedarbeidar Elina Troscenko, Illakkiya M. Simon og Synne Krogstad.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl
8/8
Tilbake

Hovedinnhold

Fra Kaukasus til Kirkenes

I fjor måtte sommarskulen avlysast på grunn av covid-19, så i år var engasjementet stort for å kunne tilby ein fullverdig sommarskule trass pandemi. Prosjektansvarlege Tone Bringa, Ketevan KhutsishviliElina Troscenko og Giorgi Cheishvili landa på ei hybrid løysing med to fysiske lokasjonar, men digitalt samarbeid og felles undervisning.

– Når det vart umogleg å reise til Georgia ville vi utforske ein del av Noreg som vi gjerne ikkje har så mykje kjennskap til. Finnmark har mange tematikkar som gir spennande komparative moglegheiter med Georgia, som etnisk og religiøs diversitet, naturressursar, grenseproblematikk og turisme, for å nevne noko, seier professor Tone Bringa.

Base i Kirkenes vart eit naturleg val. På georgisk side heldt dei til i Borjomi, ein by sentralt i Georgia som mellom anna er kjent for mineralvatnet med same namn. 

Det beste med sommarskulen er at vi har lært om faget på ein meir uformell måte og prøvd oss på feltarbeid i trygge rammer.
- Maren Brekke, andreårsstudent

Snøballeffekt, visuelle metodar og notatskriving

Sommarskulen starta med fire dagar undervising og praktiske øvingar. Studentane fekk innføring i mellom anna korleis planlegge eit feltarbeid, visuell antropologi og metode, ulike intervjuteknikkar og kva ein bør tenkje på når ein tar feltnotat. 

Første praktiske oppgåve var å intervjue ein student frå TSU/UiB via zoom. Seinare skulle dei ut å bruke mobilkamera som metodisk verktøy, og observere korleis folk nyttar fysiske, offentlege rom. Presentasjon i plenum gav god øving i å formidle mønster og funn. 

– Det var veldig nyttig å få en såpass grundig praktisk forståing av feltarbeidet før vi skulle prøve oss sjølve, seier Vilde, som er på sitt andre år i bachelorgraden. 

Ut i felt med ope sinn

Studentane vart sett saman i par, ein frå TSU og ein frå UiB, med sammanfattande forskingsinteresse. Det viste seg fort at det å finne informantar og knyte kontaktar bydde på ulike utfordringar i dei to feltnasjonane. I Borjomi og omegn var det yrande folkeliv i gatene, men munnbind og avstandsreglar kunne vere til hinder for interaksjonen med framande.

I Finnmark var studentane i Kirkenes, Båtsfjord og Vardø, byar med nokre få tusen innbyggarar. I tillegg var det kjøleg vêr, ferietid og svært få tilreisande, både arbeidarar og turistar.

– Her er jo ingen folk! seier Ragnhild om sitt første møte med Båtsfjord. Planen var å sjå på folk knytt til fiskerinæringa, så ho møtte opp på kaia første morgon for å finne fiskarar å prate med. Men ho såg berre fiskebåtar, utan fiskarar, og fann ut ho måtte endre framgangsmetode. "Follow the fish!" vart hennar motto, noko som leia henne til nøkkelpersonar i kommunen, industrien, fabrikken og, etter kvart, også til fiskarane. 

Det var under ein samtale med ein informant det vart heilt klart for meg: Eg skal bli sosialantropolog.
- Ilakkiya M. Simon, nettopp fullført bachelorgraden

Ein unik moglegheit

Studentane har fått erfare kor mange roller ein tar på seg - og får - i jakten på informantar: nysgjerrig student, intervjuar, turist, festival-deltakar, tilbaketrekt observatør og irriterande spørsmålsstillar. – Det som har vore mest uventa er kor lite skummelt det eigentleg er å prate med folk og kor hjelpsame dei er når ein først spør, seier Synne. Ho såg på identitet og tilhøyrsel for folk ved grensa, og fekk mellom anna bli med grensekommissæren til den norsk-russiske grensa.

Ho fullførte nettopp bachelorgraden og skal ta fatt på mastergraden etter sommarskulen. Ida møter også opp som masterstudent på instituttet ved semesterstart. Ingen av dei er sikre på kva masterprosjektet skal bli, men at dei er betre rusta no er det ingen tvil om. – Det har vore veldig gøy å gjere eit feltarbeid i Noreg, seier Ida, og peiker på at det er undervurdert å gjere antropologisk forsking i eige samfunn. 

– Dette har vore ein unik moglegheit, seier Ilakkiya samtykkande. – Vi visste vi skulle på sommarskule og gjere feltarbeid i Finnmark, men at vi skulle lære så mykje om både regionen, faget og oss sjølve på vegen har vore utruleg givande. 

Sommarskulen er fullfinansiert av DIKU og del av Eurasia-programmet deira. – Det kostar ingenting for studentane å vere med, seier Tone Bringa, som er veldig fornøgd med avviklinga i år og innsatsen frå studentane. – Vi håper mange vil søkje sommarskulen neste år, det er siste sjanse, seier ho.