Hjem
Dyreavdelingen
CAREiN

CAREiN - Opplæring for studier i gnager, gris og modellfisk

CAREiN er eit nettbasert tilbod, og dekker krava til teoretisk opplæring for funksjonane A, B og D i EUs rammeverk knytta til bruk av gnager, gris og modellfisk i forsking. Du kan søkja opptak til CAREIN dersom du er masterstudent eller Ph.d.-kandidat eit universitet eller ei godkjend lærestad i Noreg. Dersom du er til tilsatt i ein privat virksomhet eller ein annan forskningsinstitusjon kan du søkje om å delta som ekstern, mot betaling.

Illustrasjon som viser logoene til de involverte universitetene,
CAREIN er eit samarbeid mellom universitetene i Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen. Emnet blir administrert frå Universitetet i Bergen.
Foto/ill.:
A. Brønstad

Hovedinnhold

Korleis får eg plass?

Det kjem an på. Det er to måtar å søkja opptak til den teoretiske delen av CAREIN på. Velg det alterantivet som passar for deg. 

  1. Dersom du er masterstudent eller Ph.d.-kandidat frå ein institusjon i Noreg så søkjer du opptak via Søknadsweb.    
  2. Eksterne søkjare må søkja om opptak til kurset som etter- og vidareutdanning, via EvuWeb

Krav til opptak

  • Bachelorgrad innen relevant fagfelt, samt student på relevant master- eller doktorgradsprogram.

eller for eksterne søkere: 

  • Relevant bachelorgrad og dokumenert behov frå arbeidsgivar/arbeidsleiar. Søkjarar med bachelorgrad frå utlandet må laste opp vitnemål med alle tillegg. 

Husk dokumentasjon, unngå avslag

Når du søker, må du legge ved dokumentasjon som viser at du oppfyller opptakskravene. Eksempler på dette kan være kopi av opptaksbrev til master- eller dokorgradsprogram, utalelse fra veileder, arbeisgiver eller lignenede.  

NB! Søknader uten dokumentasjon, vil bli avvist.  

Forebels søknadsfrist 

  • For CAREiN på våren: 1.desember - svar publiseres rundt veke 51
  • For CAREiN på høsten: 1.juni - svar publiseres rundt veke 26.

Søknadsweb åpner cirka 6 veker før søknadsfrist. 

Denne sida oppdateres med informasjon om frister, og det forventes at søkjarar holder seg opdatert med relevant informasjon på denne sida.  

Kort om CAREiN

Hovudmålet med emnet er å sikre etisk og human bruk av dyr i forskning, og design av dyrestudier som sikrar innsamling av informative, objektive og reproduserbare data frå gjennomførte dyreforsøk.

Emnet dekkar artsgruppene gnagarar, svin og modellfisk (t.d sebrafisk, medaka) når dei nyttast som modellorganismar i biomedisinsk forsking. Tilstrekkelig opplæring er naudsynt etter norsk lov for personell som planlegg og/eller utførar dyreforsøk i Noreg. Emnet oppfyllar krava til teoretisk opplæring for funksjonane A, B og D i medhald til EU-kommisjonen sitt rammeverk for utdanning og opplæring.

Merk at for å utføre prosedyrar på dyr (funksjonane A og D) må ein i tillegg fullføre praktisk opplæring i samsvar med krava som gjeld.

Praksisopplæring inngår ikkje i det teoretiske CAREiN kurset - det skal du gjennomføre på din heiminstitusjon.

Følg lenkjen for informasjon om praksis på den enkelte lærestad:

Gjennomføring

Den teoretisk delen av CAREiN vert tilboden ein gong kvart semester. 

Undervisinga er nettbasert. UiBs læringsplattform MittUiB nyttast til føremålet. Du treng ikkje reise til Bergen for å ta kurset. 

Undervisinga leggast opp som ein kombinasjon av sjølvstudium førehandsinnspelte e-førelesingar, videoar og sjølvtestar, digital nettundervising og noko fast undervisning. Kurset nyttar engelsk som undervisingsspråk.

Det nyttast heimeeksamen som vurderingsform. Sjå ellers emnebeskrivinga for meir informasjon om obligatoriske undervisingsaktivitetar: Kurs i forsøksdyrlære, laboratoriedyr, teori, funksjon A, B og D | Universitetet i Bergen (uib.no)

Oversikt over kurset 

Kursuke HøstVår
1IntroforelesningUke 34Uke 2
2SelvstudiumUke 35Uke 3
3SelvstudiumUke 36Uke 4
4Gruppearbeid I Uke 37Uke 5
5ForelesningerUke 38Uke 6
6GruppearbeidUke 39Uke 7
MCQ 
Hjemmeeksamen publiseres 
9Frist for innlevering Uke 42Uke 10
11SensurmøteUke 44Uke 12
12Sensurfrist (3 uker etter innlevering) Uke 45Uke 13
Dokumenter