Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Marinbiologi

Biosensor får viktig rolle i miljøovervaking

Miljøgifter i havet påverkar både torsken som lever der og oss som èt den. Torskeforskarar i Bergen utvikler eit betre system for miljøovervaking.

Kyst
Foto/ill.:
Tobias Bjørkli/Pexels

Hovedinnhold

Tenk deg om dei som overvakar miljøet kunne målt alt av miljøgifter i havet og fått informasjonen som trengs for å sette inn riktige miljøtiltak ved hjelp av eit mikrolaboratorium - ein lab-chip, på størrelse med SIM-kortet ditt?

Det er nettopp det torskeforskarar ved Universitetet i Bergen (UiB) med professor Anders Goksøyr i spissen vil prøve å få til når dei no går i gang med å utvikle ein biosensor.

Korleis fekk dei ideen til dette, og kva har torsken med dette å gjere?

Jo gjennom fleire år har forskarane ved UiB teke prøver av vatn og torsk i Byfjorden i Bergen. Der har den tidlegare søppelfyllinga til Bergen kommune på Kollevåg ved Askøy ført til høg førekomst av miljøgifter som kan påverke blant anna forplantingsevne.*

Forskarane ved UiB har undersøkt korleis miljøgifter påverkar torsken og kva gen hos torsken som er viktig for å handtere miljøgiftene. Då har dei funne ut at bestemte molekyl i cellene til torsken kan kjenne att og bli aktiverte av miljøgifter.

Frå torskeceller til kommersielt testsett

No vil dei bruke kunnskapen til å lage eit betre miljøovervakingssystem. Når offentlege etatar og bedrifter overvakar miljøet i dag, måler dei vanlegvis kva kjemikalium som er til stades og i kva mengder, og sidan det finst tusenvis av kjemikalium i bruk, er dette komplisert.

Ein av fordelane med biosensoren forskarane ved UiB vil utvikle, er at ein ikkje treng vite kva kjemikalium ein har med å gjere. I tillegg skal biosensoren seie noko om korleis miljøgiftene påverkar for eksempel torsken, eller andre artar, biologisk.

Ein del av jobben vidare no, er å utvikle metoden slik at dei kan få systemet til å verke utan å bruke celler. Då blir metoden enklare, rimelegare og raskare å bruke, og ingrediensane ein treng, blir enklare å distribuere rundt om i verda i eit testsett som kan brukast av dei som skal overvake miljøet.

I første omgang skal dei lage eit prøvetestsett som potensielle kundar skal vere med å prøve ut. Etter kvart er målet å få på plass eit testsett som kan teste veldig mange kjemikalium på ein gong og bruke lab-chipar som krev ørsmå mengder materiale for å gjennomføre analysane. 

Akvakulturnæringa interesserte i oppfinninga

STIM AS som driv overvaking for blant anna akvakulturnæringa, er eitt av firmaa som ønskjer ein slik biosensor velkomen.

Òg offshoreindustrien, som driv miljøovervaking for å følge krav frå myndigheitene, er ein potensiell brukar av ein slik biosensor. 

For Noreg som fiskerinasjon er det viktig at både oppdrettslaks, som har størst verdi for akvakulturnæringa, og torsk har høg kvalitet og er sunn å ete og at produksjonen er berekraftig, men det er sjølvsagt ikkje berre fisken som blir påverka av miljøgiftene.

Vi menneske og andre dyr både til lands og til havs blir påverka og kan bli sjuke av miljøgifter, og forskarane håper er at teknologien dei utviklar, skal få langt større bruksområde.

Goksøyr og kollegaane har fått 500 000 kroner i støtte frå Noregs forskingsråd for å gjere innleiande undersøkingar av korleis dei kan utvikle biosensoren og få den på marknaden.

Når dei har ein plan for det, kan dei søke om ytterlegare støtte for å ta oppfinninga vidare. Dette vil sjølvsagt ta fleire år, men det er eit godt eksempel på korleis grunnforsking kan gi idear til nye produkt og løysingar.

Og vel vitande om at vi har forskarar som jobbar for å løyse desse viktige oppgåvene, kan du nyte sommaren ved sjøen i baderingen, berre hugs å velje solkrem utan miljøskadelege stoff og å ta med deg søpla frå stranda, ikkje kast den i havet!

*blant anna hormonforstyrrande stoff (EDC), polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH), organiske miljøgifter (POP), polyklorerte bifenyl (PCB), perfluorerte stoff (PFAS)

dCod 360

OMVISNING: Bli med på dCOD-laben i Bergen. Du kan fritt velge utsnitt fra opptaket, som er gjort med 360 graders kameralinse.

Produsent:
UiB