Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Studiestart 2015

Våre nye studentar fekk omvising på instituttet

I tre puljer fekk dei faddergruppene til årets nyinnrykk av bachelorstudentar omvising på Institutt for samanliknande politikk fredag 14. august.

Neste
Faddergrupper på omvising på Institutt for samanliknande politikk
To faddergrupper får ei innføring i instituttet si historie i atriet på Institutt for samanliknande politikk, der det er hengt opp eitt flagg for kvar nasjonalitet som er representert blant dei tilsette på bygget.
Foto/ill.:
Universitetet i Bergen
1/3
På lunsjrommet øvst i bygget var faddergruppene servert ein enkel lunsj og vart introduserte til fagutvalet sitt arbeid ved fagutvalsleiar Eivor Oellingrath og Hanna Jones.
På lunsjrommet øvst i bygget var faddergruppene servert ein enkel lunsj og vart introduserte til fagutvalet sitt arbeid ved fagutvalsleiar Eivor Oellingrath og Hanna Jones. Lunsjrommet er, som resten av instituttet, dekorert med iaugefallande valplakatar frå forskjellige politiske parti frå forskjellige land og år.
Foto/ill.:
Institutt for samanliknande politikk
2/3
Faddergrupper på omvising på Institutt for samanliknande politikk
Faddergrupper på omvising på Institutt for samanliknande politikk
Foto/ill.:
Institutt for samanliknande politikk
3/3
Tilbake

Stolt historie

Faddergruppene vart tekne imot i atriet på Institutt for samanliknande politikk i Christies gate av instituttleiar Gunnar Grendstad. Han gav ei kort innføring i historia til Institutt for samanliknande institutt og dei to naboinstitutta, den mangslungne verksemda som går føre seg på bygget, samt breidda i den akademiske staben.

 

Les meir om historia til Institutt for samanliknande politikk her.

 

Lunsj med fagutvalet

På lunsjrommet øvst i bygget vart dei nye studentane serverte ein enkel lunsj medan doktorgradsstipendiat Julie Ane Ødegård fortalte om sitt doktorgradsprosjekt til sampolstudentane og doktorgradsstipendiat Olav Elgvin til europastudentane. Her fekk dei også, ved fagutvalsleiar Eivor Oellingrath og Hanna Jones for sampolstudentane og Eirik rekve Thorsheim for europastudentane, eit innblikk i arbeidet fagutvalet gjer for studentane ved instituttet og kva som skal til for å engasjere seg.

 

Les meir om fagutvalet i Sampol og fagutvalet i Europastudiar her.

 

Kvar student sin stat

Som ein del av introduksjonen til instituttet blir kvar student tildelt rolla som statssjef for eitt utvalt land. Føremålet med dette er at studentane som ein del av studiane skal ha eit særleg blikk til dette eine landet og nytte teoriar og omgrep dei tileignar seg gjennom studieløpet til å få ei djup forståing for dette landet.