Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Forsking

Eksternfinansierte forskingsprosjekt

Her finn du ei oversikt over dei noverande, eksternfinansierte forskningsprosjekta Senter for kvinne- og kjønnsforsking er involvert i.

I arkivet
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

I oversikta finn du namn og finansieringskjelde for kvart prosjekt. Klikk på prosjektet for å lese meir.

Europeisk rammeprogram (Horisont 2020)

SKOK har to prosjekt som er støtta under EU sitt rammeprogram Horisont 2020:

PROTECT | Societal challenges - Inclusive Societies

Tittel: PROTECT - The Right to International Protection. A Pendulum between Globalization and Nativization?

Prosjektleiar: Professor Hakan G. Sicakkan, UiB

Forskarar ved SKOK: Christine M. Jacobsen, Marry-Anne Karlsen, Pascaline Chappart                                 

Prosjektperiode: 2020-2023

PROTECT er eit forskingsprosjekt som studerer internasjonalt vern av flyktningar, og det blei offisielt lansert 1. februar 2020. Prosjektet blir gjennomført av eit internasjonalt konsortium av 11 universitet i Europa, Canada og Sør-Afrika. Prosjektleiar er Professor Hakan G. Sicakkan på vegne av Institutt for samanliknande politikk ved UiB.

Forskar Marry-Anne Karlsen, gjesteforskar Christine M. Jacobsen og gjesteforskar Pascaline Chappart ved SKOK er ein del av UiB si forskingsgruppe i PROTECT. Dei jobbar med arbeidspakke WP4, som kartlegg førstelinjetenesta som tek i mot migrantar og asylsøkarar i utvalde innreisesoner i Frankrike, Italia, Spania, Hellas, Sør-Afrika og Canada. Dei nyttar si etnografiske erfaring og ekspertise for å undersøke dersom og korleis FN sine plattformar om flyktningar og migrasjon påverkar førstelinjetenesta si forståing av 'sårbarheit,' spesielt med tanke på kjønn og juridisk status, og dersom/korleis denne forståinga endrar korleis dei samarbeidar for å ta hand om særskilde behov.

FEMSAG | MSCA Global fellowship

Tittel: Feminist Theory After Sex and Gender: The nature-nurture complex in feminism reconsidered in light of the Developmental Systems Theory approach to the philosophy of biology

Prosjektleiar: Postdoktor Claus Halberg

Prosjektperiode: 2017-2021

FEMSAG – Feminist Theory After Sex and Gender tek sikte på å utvikle omgrep som verktøy for å kaste lys på spørsmål knytt til arv- og miljøproblematikken, ein problematikk som ligg i kjernen av samtidsdebattane om kjønn innanfor vitskap, filosofi og politikk. Ein søker å oppnå denne overordna målsetjinga gjennom tre individuelle arbeidspakkar (WP). I den første av desse blir det fokusert spesielt på nyare forsøk innanfor feministiske vitskapsstudiar på å gå i rette med såkalla slagsider («biases») i forståinga av kjønn innanfor aktuell hjerneforsking. WP2 bidreg til den filosofiske debatten innanfor såkalla materiell feminisme («material feminisms») angåande det grunnleggande spørsmålet om korleis omgrepa «natur» og «kultur» kan eller bør forståast, sett fra ein feministisk ståstad. I den siste arbeidspakken, WP3, blir arbeidet knytt til pågåande samtalar om korleis den fenomenologiske tradisjonen innanfor europeisk filosofi kan gjerast meir relevant for forståinga av transkjønna personar si levde erfaring.

Norske finansieringskjelder

SKOK deltek i tre pågåande prosjekt som er finansiert heilt eller delvis av forskingsfinanseringskjelder i Noreg:

  • Noregs forskingsråd fordeler årleg ti milliardar til forsking og innovasjon som bygger kunnskap for ei berekraftig framtid og møter dei store samfunnsutfordringane.
  • Peder Sather-senteret ved UC Berkeley eit forskingssenter som har som føremål å styrke pågåande forskingssamarbeid og legge til rette for utvikling av nye forskingssamarbeid mellom UC Berkeley og eit konsortium av deltakande norske institusjonar.
  • Globale samfunnsutfordringer er eitt av Universitetet i Bergen sine tre satsingsområde. Dette har bakgrunn i ein lang tradisjon for å fremje framifrå forskning og utdanning innanfor utviklingsrelatert forsking, med tilhøyrande samarbeid med partnarar i sør. Forskinga har hatt stor samfunnsmessig tyding og fører eit kritisk vitskapleg perspektiv inn i diskusjonar om ulike globale utfordringar.

TemPro | Noregs forskingsråd

Tittel: Temporary protection as a durable solution? The 'return turn' in asylum policies in Europe (TemPro)

Prosjektleiar: Seniorforskar Jessica Schultz, Chr. Michelsens Institute

Prosjektmedarbeidarar ved SKOK: Forskar Marry-Anne Karlsen og postdoktor Kari Anne Klovholt Drangsland

Prosjektperiode: 2020-2024

TemPro undersøker dei markante endringane som asyl-, integrasjons- og returlovgjevnader har teke i Nord-Europa sidan 2015. Desse endringane vektlegg i større grad enn tidligare framtidig retur, og inkluderer auka bruk av midlertidig vern, strengare krav for å få permanent opphald, og tilbakekalling av oppholdsløyver. Prosjektet nyttar eit interseksjonelt perspektiv for å utforske endringane i det juridiske landskapet og flyktningar sine levde erfaringar.

Økt midlertidigheit skaper dilemma knytt til inkludering og velferd, særleg for flyktningar som kjem frå krigsherja land som Somalia, Afghanistan og Syria. Retur er for dei fleste ein fjern moglegheit. Samtidig har dei kun avgrensa rettar i samfunnet der dei har fått vern.

Native/Immigrant/Refugee | Peder Sather-senteret, UC Berkeley

Tittel: Native/Immigrant/Refugee: Crossings and Divides og Native/Immigrant/Refugee: Immobility and Movement Across Contested Grounds

Prosjektleiar: Gjesteforskar og professor Christine Jacobsen, SKOK og Leti Volpp, Center for Race and Gender, UC Berkeley

ProsjektmedarbeidararBeth Piatote, Native American Studies, UC Berkeley; Fantasia Painter, Native American Studies, UC Berkeley; Marry-Anne Karlsen, SKOK; Kari Anne Drangsland, SKOK; og Jessica Schultz, Det juridiske fakultetet, UiB.

Prosjektperiode: 2018-2019 og 2020-2022

Dette prosjektet har to fasar: Native/Immigrant/Refugee: Crossings and Divides og Native/Immigrant/Refugee: Immobility and Movements Across Contested Grounds.

Første fase utforska dei innbyrdes forholda mellom kategoriane "innfødd," "innvandrar" og "flyktning" i ein periode der ein stramma inn grensene.

Andre fase skal bidra intellektuelt til korleis vi forstår immobilitet. Covid-19-pandemien har påverka mobiliteten både innad i lokalsamfunn og over internasjonale grenser på ein måte som er utan sidestykke. Dette neste trinnet i det vellukka forskingssamarbeidet mellom SKOK og UC Berkeley ønskjer i lys av Covid-19-krisa å utforske korleis kategoriar som "innfødd," "innvandrar" og "flyktning" blir brukt nedsettande og som grunnlag for krav.

Speculative Urban Futures: Inequality and Migration | Globale samfunnsutfordringar, UiB

Tittel: Speculative Urban Futures: Inequality and Migration

Prosjektkoordinator: Global Research Programme on Inequality (GRIP)

Prosjektmedarbeidar ved SKOK: Gjesteforskr og professor Christine M. Jacobsen

Prosjektperiode: 2021-2022

Dette prosjektet skal utforske moglege framtider for byar.