Hjem

Religionsvitskap, årsstudium

På dette studiet ser vi på religion som kulturelt fenomen, og studerer det historisk og systematisk. Du får kunnskap om religionen sine mange utformingar—både variasjonar og fellestrekk.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Studiepoeng60
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Årsstudiet er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå, og som vil supplere tidlegare utdanning. Studiet passar dersom du vil ha undervisningskompetanse i eit nytt fag, eller førebu deg til eit nytt studium i utlandet.  

Dette er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen, og ikkje kvar enkelt religion. Studiet fokuserer på religiøst mangfald i fortid og nåtid. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral.  

Nokre av spørsmåla vi studerer, er:  

  • Korleis kan ein definere «religion»?  
  • Kva er ein Gud?  
  • Kva er feminisme i islam?  

Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Milliardar av menneske definerer seg ut frå kva religion dei har. Religion er innvoven i kunst og politikk, arbeid og krigføring, økonomi og lovgjeving, etikk og underhaldning. 

Kva forskar vi på ved religionsvitskap på UiB? 

Studiekvardag 

Årsstudium i religionsvitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Oppstart er både i august og i januar.  

I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke innehalde både forelesningar og seminargrupper. Undervisninga og pensum er på norsk, engelsk og svensk.  

Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil typisk ha undervisning 6-8 timar i veka. I tillegg kjem sjølvstudium.  

Hos oss vil møte engasjerte forelesarar med ei stor fagleg bredde. Fagmiljøet vårt har nasjonal og internasjonal spisskompetanse i ei rekke forskingsfelt, og fleire er redaktørar for leiande internasjonale tidsskrift, bokseriar og oppslagsverk.  

Våre forskarar står bak ReligionsOraklene, som driv innovativ og kreativ formidling om religion og religiøsitet. Via filmsnuttar og tematiske tekster fortel dei om religionar og religiøsitet i ulike deler av verda, frå antikken og frem til i dag.  

Tilgang til lesesal har du på Sydneshaugen skole, og på Bibliotek for humaniora. Lesesalane er felles for alle studentar på årsstudium og bachelorprogram ved Det humanistiske fakultet. 

Kvifor velje årsstudium i religionsvitskap? 

På dette studiet lærer du om kommunikasjon ved møta mellom ulike kulturar, om det fleirkulturelle samfunnet, og forståing for menneske og samfunnsspørsmål. Dette gjer deg attraktiv for mange arbeidsgivarar.  

Du kan jobbe i mange ulike yrke, mellom anna i:  

  • offentleg forvalting 
  • innvandringsrelatert arbeid 
  • museum 
  • reiseliv 
  • media 
  • organisasjonsliv 
  • næringsliv 
  • utanriksteneste 
  • humanitært arbeid 

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du får 60 studiepoeng og kan søke om overgang til bachelorprogrammet i religionsvitskap (internt) etterpå dersom du vil studere meir.  

Kjem du rett frå VGS kan du søke opptak på årsstudiet, men du vil nok ha ei betre studentoppleving av å velje bachelorprogrammet, som er betre tilrettelagd for deg som er ny i høgare utdanning, med ex.phil., innføringsemne/ex.fac., faddergrupper og sosialt studentliv. 

Meir informasjon under

Kva lærer eg? 

Med dette studiet får du ei innføring i allmenn religionsvitskap. Du studerer emne frå dei store verdsreligionane i Vest og Aust, og religionar i Europa og Midtausten, som ikkje lengre er levande, men likevel viktige for historie og kultur. 

Med eit årsstudium i religionsvitskap, har du:  

  • kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion 
  • kunnskap om korleis du kan drøfte religionsvitskaplege problemstillingar 
  • innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar 

Sjå heile lista over læringsutbyte

Oppbygging 

Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du tar to emne kvart semester.  

1. semester  

2. semester  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling i samband med årsstudiet i religionsvitskap.

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her