Sosiologi, årsstudium
- Lengde1 år
- Ordinær50,8
- Primær45,9
- Plassar20
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På sosiologistudiet lærer du å sjå samfunnsforholda frå forskjellige synsvinklar og å drøfte ulike perspektiv. Ein slik kompetanse er viktig i mange bedrifter på ei rekke samfunnsområde.
Vi drøftar spørsmål som:
- Korleis kan vi analysere korleis samfunnsforholda har blitt til og korleis dei blir endra?
- Korleis kan samfunnsforholda skape sjansar og sette grenser for einskilde menneske enkeltmenneske og gruppene dei høyrer til?
- Kolonisering og imperialisme
- Klasseprosessar og endringar i kvinnene si stilling i samfunnet
- Historiske former for industrialisering og kapitalisme
Studiet passar for deg som er interessert i korleis samfunnet er organisert og endrar seg. Som sosiologistudent vil du få innsikt i levemåtane og levekåra til ulike samfunnsgrupper, og i ulike måtar å løyse samfunnsproblem på.
Faget har i Bergen lenge vore sentralt i norsk sosiologiutdanning. Vi underviser og gir rettleiing i mange emne, særleg viktige er sosial ulikskap, velferd, familie, utdanning, arbeidsliv, økonomiske relasjonar og migrasjon.
Studiekvardag
Studiet passar godt for deg som liker å arbeide sjølvstendig og legge opp studieveka på eiga hand. Undervisning og litteratur vil vere på norsk og engelsk, og du vil ha om lag 8-10 undervisningstimar i veka.
Som student ved SV-fakultetet kan du lese på biblioteket eller bruke lesesalane på Ulrike Pihls hus. Sosiologisk institutt og Fagutvalet legg godt til rette for at studentane skal føle seg inkludert i studiekvardagen. Fagutvalet arrangerer fleire sosiale aktivitetar som quizkveld, eksamensfrukost på instituttet og eksamensfestar.
Meir informasjon under
Sosiologi, bachelor
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kva kan du jobbe som?
Teori og metodar du lærer gjennom studiet kan du bruke i mange forskjellige jobbar i arbeidslivet, for eksempel innanfor administrativt arbeid, politikk, ideelle organisasjonar eller kommunikasjon.
Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosiologi gir deg kompetanse til å undervise i ungdomskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgjevande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i sosiologi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein mastergrad i sosiologi.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Årsstudium i sosiologi går over to semester og startar i august. Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passar som eit tillegg til tidlegare utdanning, eller om du vil studere i berre eitt år.
Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.
Årsstudium med innføringsemne
Passar for deg som ikkje har studert før.
1. semester
- EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum – skuleeksamen (10 studiepoeng)
- SOS100A Invitasjon til sosiologi med fordjupingstema (20 studiepoeng)
2. semester
- MET103 Kvalitative metoder (10 studiepoeng)
- MET104 kvantitativ metoder (10 studiepoeng)
- Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)
Årsstudium med spesialiseringsemne
Passer for deg som har studert før og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.
1. semester
2. semester
- SOS121 Klassiske sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)
- MET103 Kvalitative metoder (10 studiepoeng)
- MET104 kvantitativ metoder (10 studiepoeng)
Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Vidare studiemoglegheiter
Etter årsstudiet kan du ta bachelorgraden i sosiologi, slik at du kan fortsette studia og søke på masterprogrammet i sosiologi. Da kan du rette masteroppgåva inn mot det yrkesområdet du vil jobbe med.
Spørsmål om studiet?
Telefon: + 47 55 58 98 50
E-post:studieveileder.sos@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.