Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Ny teknologi

– Skam deg, robot!

Robotar utan ansikt flyttar inn i stovene våre. Dei er dyktige, men ikkje nødvendigvis snille.

Dame skjenner på ein robot
Det er freistande å prøve gjere robotane rundt oss menneskelege. Teddybjørnen snakkar til deg og er god og snill. Roboten som løftar pasienten over i senga og slepp pasienten på golvet er stygg. Eller?
Foto/ill.:
Colourbox

– Ein flink robot er ikkje alltid ein snill, god eller rettferdig robot. 

Det seier Marija Slavkovik, som forskar på kunstig intelligens ved UiB. 

Roboten i lomma

På kjøkkenet, i bilen og i handveska har du sannsynlegvis ein robot. Han kjenner att ansiktet ditt eller fingeren din så du kan slå på mobilen, han finn vegen for deg når du køyrer bil, eller han anbefaler musikk som han veit at du vil høyre på. Du likar han, og er kanskje til og med avhengig av han, men vil han deg vel? 

– Det er freistande å prøve gjere robotane rundt oss menneskelege. Teddybjørnen snakkar til deg og er god og snill. Roboten som løftar pasienten over i senga og slepp pasienten på golvet er stygg. Den førarlause bilen som køyrer ned folk, er stygg. Eller? Problemet er at sjølv om programvara er intelligent, så kan ho ikkje gjere etiske val slik eit menneske kan. Dette er det viktig å ha mente når ein utviklar programvare som grip inn i liva til folk, forklarer Slavkovik. 

Slavkovik er ein av innleiarane på årets Christie-konferanse, som eir ein av Noregs viktigaste møteplassar for akademia, nærings-, kultur- og samfunnsliv. I år handlar konferansen om kva robotane kan bety for mennesket og samfunnet vårt. 

Når roboten gir deg jobb

Mange av robotane som spelar ei rolle i liva våre er det vanskelegare å få auge på enn ein førarlaus bil eller ein snakkande bamse, seier Slavkovik.

– Gjer programvara som bestemmer om du får eit huslån det rette valet? Du risikerer å få avslag fordi maskina ser at familien din ikkje er rik. Når banken erstattar ein saksbehandlar med ei programvare, blir ikkje programvara betre enn det som er putta inn. Nettgiganten Amazon opplevde dette. Dei fekk inn tusenvis av jobbsøknader, og ville automatisere prosessen med å vurdere CV-ane. Dei fora maskinene med informasjon om kvalitetar ved dei dyktige folka som hadde jobba hos dei tidlegare. Resultatet vart at roboten berre foreslo menn som framtidige tilsette! 

Kattungar eller krig i feeden? 

Slavkovik er sentral i UiB si forsking på kunstig intelligens ved Institutt for informasjons- og medievitenskap. Gjennom tett samarbeid med aktørane i medieklynga i Media City Bergen utviklar studentar og forskarar intelligente verktøy for medieproduksjon. Instituttet arbeider for å etablere Media Futures som eit Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI), der dei saman med klyngenaboane TV2, NRK, BT, Schibsted og teknologipartnarane Vizrt, IBM og fleire vil gå djupare inn i å utvikle medieteknologi for framtida.

– Vi kan ikkje nok, og veit ikkje nok, men det pressar seg på. Robotane er her, og når vi skal utvikle framtidsrobotane må vi ha med oss den etiske dimensjonen. Eg jobbar for å gjere utviklarane meir bevisste, seier forskaren.

– Vi har til dømes programvare som påverkar kva du meiner om samfunnet og tek avgjerder for deg.  Du trur til dømes at du ser postane frå vennane dine i det dei blir posta, men algoritmane har gjerne lagt inn ei forseinking. Dette gjer noko med kva informasjon du har tilgang til. Eller dersom eg berre får sjå søte kattungar i feeden min, så kjenner eg ikkje til det vonde som skjer i nabohuset. Vi har ein veg å gå når det gjeld å utvikle den gode roboten, seier ho.