Hjem
Senter for vitenskapsteori
Folkeforsking

Folkeforskingsprosjekt på 3. plass i stor kåring

Prosjektet Meet je Stad (Mål byen din), som er tilknytt to forskingsprosjekt ved UiB, har blitt kåra til det 3. mest berekraftige nederlandske initiativet.

A woman, a man and a cake with a candle shaped as the number 3
Diana Wildschut og Harmen Zijp frå Meet je Stad feirar tredjeplassen.
Foto/ill.:
Sandra Sijbrandij, Meet je Stad

Diana Wildschut, vitskapleg assistent ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB, er ein av forskarane i  Meet je Stad.  Dette sjølvstyrte folkeforskingsprosjektet starta for tre år sidan i den nederlandske byen Amersfoort, og gjennomfører lokale målingar av klimaendringar i fem byar rundt om i verda.

Bergen er ein av desse byane, og ved SVT er Mål byen din ein del av forskingsprosjekta Co-cli-serv, leia av professor Jeroen P. Van der Sluijs, og CALENDARS, leia av forskar Scott Bremer.

Wildschut redigerte nyleg ei spesialutgåve i tidsskriftet Climate Risk Management, der ho publiserte ein artikkel med Harmen Zijp om historia til Meet je Stad: The discoveries of citizens running around.

Ei liste over initiativ som tenker og handlar grønt

Den prestisjetunge lista der Meet je Stad havna 3. plass, 'Trouw Duurzame 100' (Trouw Berekraftige 100), blir publisert av den nederlandske dagsavisa Trouw. På nettsida si skildrar dei årets liste på følgande vis (omsett frå nederlandsk):

"Også i år presenterer Trouw Berekraftige 100: Ei liste over initiativ som tenker og handlar grønt. Akkurat som 2019 er det ikkje lenger ei liste med forskarar, politikarar eller næringslivsfolk: No er folkeinitiativ i fokus!»

"Meet je Stad er unikt"

Trouw publiserte også ei nyheitssak om folkeforskarane Paul Geurts og Teus Hagen for å vise fram dei positive resultata til Meet je Stad.

I artikkelen var følgande fråsegn frå juryleiar og professor Joyeeta Gupta sitert (omsett frå nederlandsk):

Meet je Stad er unikt. Det bidreg til forsking og aukar medvitet om konsekvensane av klimaendringar. Det er eit framifrå folkeinitiativ.