Hjem
Utdanning
Emne

Ulike typar emne – kva kan du ta?

UiB har ulike type emne med forskjellige opptakskrav. Her finn du informasjon om dei ulike emnetypane, kven som kan søke, og fristar og prosedyrer for å melde deg opp eller søke plass.

Hovedinnhold

Emne er byggeklossane i eit studieprogram. Nokre emne er berre for studentane på visse studieprogram. Andre emne er opne for alle studentar ved UiB eller søkjarar utanfrå, etter nærmare bestemte kriterium.

Det akademiske studieåret er delt inn i to semester. Som fulltidsstudent skal du ta emne som til saman utgjer 30 studiepoeng kvart semester. Emna varierer i storleik, og er normalt mellom 5 og 30 studiepoeng. Det vil difor variere kor mange emne du skal ta kvart semester.

Emne for deg som er UiB-student 

Lukka emne

Dette er emne som berre er tilgjengelege for studentar som er tekne opp ved visse studieprogram. I enkelte tilfelle kan andre UiB-studentar søke om midlertidig studierett til å ta eit lukka emne.

Les meir om dette hos

Opne emne

Emne som er tilgjengelege for alle studentar ved UiB som har studierett på eit studieprogram. Dette er emne du kan velge å ta som frie studiepoeng i studieprogrammet ditt, eller i tillegg. Du melder deg på desse emna i Studentweb, i samband med semesterregistrering kvart semester.

Temabaserte, opne emne

UiB har utvikla fleire emnepakker innan aktuelle tema, som er tilgjengelege for alle UiB-studentar med studierett på eit studieprogram, på lik linje med øvrige opne emne: 

DIGI-emne

Emnepakke med fleire små emne som skal gje digital forståelse, kunnskap og kompetanse.

Berekraftsemne

Emne som omhandlar FNs berekraftsmål.

Emne for deg som ikkje er UiB-student frå før 

Enkeltemne

Emne som du kan søke på, sjølv om du ikkje er UiB-student frå før. Dette er emne på bachelornivå der vi har ledige plassar etter at eksisterande studentar har gjort sine val. Du må ha generell studiekompetanse for å kunne søke på desse. For nokre emne er det også krav om ytterlegare forkunnskapar. 

Spesialemne i jus

Det er mogleg å søke plass på visse spesialemne i jus. Sjå særskilde opptaksprosedyrar og fristar for opptak til spesialemne ved Det juridiske fakultet

Ta emne som hospitant

Om du er student ved ein annan utdanningsinstitusjon i Noreg, kan du enten søke på eit ledig enkeltemne som beskrive over, eller søke direkte til eit av våre fakultet om å få ta eit emne som hospitant. 

Vidareutdanningsemne, nettstudium og deltidsstudium

Nokre emne på bachelor-/masternivå er særskild tilrettelagde for deg som ynskjer å ta vidareutdanning på deltid, enten samlingsbasert eller som nettstudium. Desse vil i mange tilfelle vere betalingsstudium, i motsetning til ordinære studium. Det er også eigne søknadsfristar og -prosedyrar for å søke opptak til desse.