Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Yrkespraksis i biologi II

Mål og innhald

Mål:
Praksisopphaldet skal bidra til at studenten opplever verdien av den faglege kompetansen i biologi for aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Innhald:
Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i bedriftene dei er utplasserte i, og får oppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og bedriftene sine behov.

Informasjon om korleis ein søker og kva bedrifter, organisasjonar og etatar som er tilgjengelig for praksisopphold, finn du her.

Omfang: totalt ca. 250 timar. Minimum 140 timar skal vere arbeid hos praksisverten. Studentane skal også skrive fire bloggar, eit refleksjonsnotat, møte til to samlingar (informasjonsmøte og midtsemestermøte) og gje ein kort presentasjon av praksisopphaldet sitt. Praksisrapport må få karakter "Bestått" for at ein skal bestå emnet.

Du søker opptak til emnet via Studentweb innan fristen for undervisningsopptaket.Søkarar må i tillegg fylle ut eit søknadsskjemaet som blir annonsert her før kvart semester. Les meir om emnet lagt her. Ta kontakt med Studieseksjonen (studie@bio.uib.no) dersom du har spørsmål om søknad og opptak til emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført praksis skal studentane

  • ha fått generell arbeidserfaring og konkret bransjeerfaring
  • ha fått innblikk i arbeidsoppgåver i organisasjonar, etatar, og næringsliv som kandidaten etter fullførte studiar skal vere i stand til å løyse
  • kombinere teori med erfaringsbasert læring
  • reflektere over forholdet mellom teori og praksis
  • arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
  • beskrive korleis ein bedrift/organisasjon organiserer arbeidet
  • bruke biologisk kunnskap på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
  • oppsummere eit arbeid i form av ein prosjektrapport

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk informasjonsmøte.
  • Obligatorisk midtsemestermøte.
  • Obligatorisk praksisopphald (min. 3 veker).
  • Obligatorisk presentasjon av praksisiopphaldet.

Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for at ein skal få vurdering av praksisrapporten, som gjev karakter i emnet.

Vurderingsformer

  • Praksisrapport.

Vurderingssemester

Det er innlevering og vurdering av rapport i semesteret ein utfører praksisopphaldet i.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Emneansvarleg er Gaute Velle: Gaute.Velle@uib.no. Administrativ kontaktperson i Studieseksjonen: studie@bio.uib.no.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Praksisrapport

    Trekkfrist
    01.11.2017