Atmosfære- og havfysikk

Fakta om studiet

EmnekodeGEOF105
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerGeofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Mål og innhald

Grunnleggjande eigenskapar i meteorologi, oseanografi og kjemisk oseanografi blir gjennomgått. Vekselverknad mellom hav og atmosfære, som utgjer ein viktig del av klima, blir diskutert. Studentane vil rekne på sjøvatnet sine fysiske og kjemiske eigenskapar, havet sin sirkulasjon, blandingsprosessar, tidevatn og ulike bølgjefenomen. For atmosfæren vert det lagt vekt på grunnleggande termodynamikk, skyfysikk og grunnprinsippa i stråling. Bakgrunn for turbulens i hav og atmosfære og beskriving av grenselaga mellom hav og atmosfære blir gitt. Geostrofisk kraftbalanse, termalvind, bølgelikning, vindstresskvervling og Ekman-lag blir presentert. Som ein del av emnet vil studentane delta i meteorologisk feltarbeid, utføre laboratorieeksperiment og bli introdusert til bruk av oseanografiske måleinstrument. I kurset skal studentane utarbeide vêrvarsel. Det vert gjeve introduksjon til programmering for løysing av enkle geofysiske problem og for visualisering av resultat.

Fagleg overlapp

GEOF120 5 ETCS, GEOF130 5 ETCS

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta i introduksjon til programmering, utarbeide vêrvarsel, delta i meteorologisk felteksperiment, delta i introduksjon til oseanografiske instrument og godkjend laboratorierapport

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta i introduksjon til programmering, utarbeide vêrvarsel, delta i meteorologisk felteksperiment, delta i introduksjon til oseanografiske instrument og godkjend laboratorierapport

Undervisningssemester

Haust (gul fargekode)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

- forstå og kommunisere fagterminologi og beskrive og kommunisere sentrale prosessar for klimaet på jorda

- berekne sjøvatnet sine underliggjande kjemiske og fysiske eigenskapar

- gjengi ei grei forklaring på forenkla modellar for sirkulasjonen i havet, f.eks. geostrofisk straum og Ekmantransport

- gi en grei forklaring på tidevasskrafta

- relatere grunnleggjande fysiske lover til vêrsystem og atmosfæren sin struktur

- løyse enkle problem innan dynamisk og fysisk meteorologi og oseanografi

- skilje mellom molekylære og turbulente blandningsprosessar

- gje en grei forklaring på ulike omgrep knytt til bølgjeutbreiing, for eksempel dispersjon, demping, refraksjon og interferens

- skilje og klassifisere ulike typar av hav- og atmosfaerebølgjer

- utføre meteorologiske observasjonar og enkle laboratorieeksperimentar

- samanfatte og analysere resultat frå laboratorieeksperimenta

- utarbeide vêrvarsel

- nytta programmeringsverktøy for analyse av data og generering av figurar

Tilrådde forkunnskapar

MAT111, GEOF100, MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111 (som ein kan lese parallelt)

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Vurderingsformer

Slutteksamen, skriftleg, 5 timar. Må ha godkjend laboratorierapport for å gå opp til slutteksamen. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen. Kalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.

Vurderingsformer

Slutteksamen, skriftleg, 5 timar. Må ha godkjend laboratorierapport for å gå opp til slutteksamen. Dersom færre enn 10 påmelde, kan det bli munnleg eksamen. Hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.