Gå til innhold
English A A A
Emne GEOF220

Fysisk meteorologi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- gi ei utgreiing om den globale energibalansen for planeten vår, då med særleg fokus på stråling

- forklare dei ulike fysiske prosessar som skjer ved strålingstransport gjennom atmosfæren (spreiing, absorpsjon, emisjon) og kva rolle overflata spelar

- gi ei utgreiing av kva effekt strålinga har på klimaet til kloden vår og forklare dei ulike tilbakekoplingane

- forklare kva rolle stråling har for naturlege og menneskeskapte klimaendringar

- nytte dei grunnleggande termodynamiske lover til utleiing av dei nødvendige likningane for å beskrive mikrofysikken ved kondensasjon og dropedanning

- beskrive utviklinga av hydrometeorar i atmosfæren, frå kondensasjonen på aerosolar til dei fell ut som regn og snø, og forklare dei ulike fysiske prosessane

- beskrive dei vanlegaste metodane og instrument for å måle nedbør og diskutere usikkerheitene i samband med slike målingar

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Fagleg ansvarleg

Jan Asle Olseth, førsteamanuensis (Jan.Olseth@gfi.uib.no), Joachim Reuder, førsteamanuensis (Joachim.Reuder@gfi.uib.no)

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Mål og innhald

Målet for kurset er at studentane skal få ei grunnleggjande forståing av fysiske prosessar knytt til solstråling, terrestrisk stråling, kondensasjon og nedbør, og korleis desse prosessane påverkar kvarandre i jord-atmosfære systemet vårt.

I strålingsdelen blir den globale energibalansen til planeten vår gjennomgått. Emnet tek føre seg kva for fysiske strålingsprosessar som skjer ved transport av solstråling og terrestrisk stråling i atmosfæren og kva effekt jordoverflata har på strålinga. Det blir også vist kva effekt strålingsprosessar har på klima. Strålinga si rolle for dei ulike tilbakekoplingsmekanismane og for naturlege og menneskapte klimaendringar er også eit viktig tema. I skyfysikken blir dei termodynamiske prinsipp og bruken av dei i atmosfæriske studiar repetert kort. Omgrepet atmosfærisk stabilitet og ein luftpakke sin tilstandsendring og bevegelse blir introdusert for å beskrive dei atmosfæriske prosessar som fører til kondensasjon. Aerosolar og deira rolle som kondensasjonskjerner blir introdusert. Utviklinga av hydrometeorar er beskriven, saman med relevante fysiske prosessar og utleiingane av dei viktigaste likningane. Det startar med kondensasjonen og vekst ved diffusjon på aerosolar og går vidare med mekanismar for vidare vekst, inkludert isfasen, kollisjon og koalesens. Til slutt blir relevante målemetodar og måleinstrument introdusert og diskutert, då særleg med omsyn på usikkerheiter.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- gi ei utgreiing om den globale energibalansen for planeten vår, då med særleg fokus på stråling

- forklare dei ulike fysiske prosessar som skjer ved strålingstransport gjennom atmosfæren (spreiing, absorpsjon, emisjon) og kva rolle overflata spelar

- gi ei utgreiing av kva effekt strålinga har på klimaet til kloden vår og forklare dei ulike tilbakekoplingane

- forklare kva rolle stråling har for naturlege og menneskeskapte klimaendringar

- nytte dei grunnleggande termodynamiske lover til utleiing av dei nødvendige likningane for å beskrive mikrofysikken ved kondensasjon og dropedanning

- beskrive utviklinga av hydrometeorar i atmosfæren, frå kondensasjonen på aerosolar til dei fell ut som regn og snø, og forklare dei ulike fysiske prosessane

- beskrive dei vanlegaste metodane og instrument for å måle nedbør og diskutere usikkerheitene i samband med slike målingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEOF120

Obligatoriske arbeidskrav

Oppgåver

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no