Hjem

Utdanning

Masteremne

Avansert dynamisk oseanografi

Undervisningssemester

Haust, første gong hausten 2016

Mål og innhald

Kurset vil ta for seg avanserte emner for storskala og mesoskala havsirkulasjon, for det meste ved hjelp av dei kvasigeostrofiske likningane som matematisk plattform. Omgrepet Rossby-bølgjer vil først bli gjennomgått. Diskusjon av storskala sirkulasjon vil omfatta teoriar for vinddriven straum på midlare og høge breiddegrader, inkludert verknad av oppstrøyming og nedsynking på lagdelinga i vassøyla. Enkle teoriar om oppdriftsdriven storskala sirkulasjon vil også verta gjennomgått. Diskusjon om mesoskala straumsystem vil omfatta barotrop og baroklin ustabilitet, todimensjonal/geostrofisk turbulens og omgrepet kvervlingsindusert adveksjon. Til slutt vil vekselverknaden mellom kvervling og middelstraum, og residualteori bli innført, med Den antarktiske sirkumpolare straumen som eit døme.

Læringsutbyte

Etter endt GEOF339, skal studentane kunna:

- utleia dei kvasigeostrofiske likningane og diskutere barotrope og barokline Rossby-bølgjeløysingar

- utleia ulike løysingar for vinddriven havsirkulasjon, inkludert oppstrauming og nedsynking

- diskutera forenkla modellar av oppdriftsdriven havsirkulasjon

- utleia og diskutera kvasigeostrofisk integralføringar på barotrop og baroklin ustabilitet

- løyse problemer av Eady/Phillips-type med baroklin ustabilitet og diskutera bruk og avgrensingar til desse

- utleia grunnleggjande skaleringslover som skil to- og tredimensjonal turbulens og diskutera deira relevans til reelle geofysiske straumar

- utleia residualløysingar for vekselverknaden mellom kvervling og middelstraum, og diskutera bruken for reelle straumsystem i havet

Krav til forkunnskapar

Bachelor i matematikk, fysikk, eller meteorologi/oseanografi.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF110 og GEOF213, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/ph.d.-utdanninga ved Det

matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen, 45 minutt. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF330: 5 sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munleg

    Trekkfrist
    01.11.2017