Hjem

Utdanning

Masteremne

Geodynamikk og bassengmodellering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOV254
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet gir ei innføring i kvantitativ geodynamikk. Det overordna målet med dette kurset er å gje studentane ei god forståing av geodynamikk og overflateprosessar. Eit første delmål med kurset er å gje studentane eit middels nivå av forståing av geodynamiske prosessar og programmering i berekningsorientert fast jord fysikk. Eit anna delmål med kurset er at studentane skal lære å gjere ei litteraturstudie på eit emne i geodynamikk og overflateprosessar.

Innhald:
I den fyrste delen blir det gitt ei kort oversikt over platetektoniske prosessar. Deretter følger utviklinga av likninga som forklarer energibalanse i litosfæren, og korleis likninga kan brukast for ulike geologiske modellar og prosessar. Vertikale bevegelsar uttrykt som landheving eller ekshumasjon og omgrepa isostasi og bøyingsstivleik blir vidare gjennomgått. Mekanismar for deformering av skorpe og litosfære blir belyst og inkluderer diskusjon om drivkrefter for platerørsle, litosfærens reologi, og elastiske, sprøe og viskøse deformasjonsprosessar. Bergartanes respons på påførte krefter blir diskutert og modellert. Dynamiske prosessar som inkluderer litosfærestrekking, bassengdanning, og kontinentale kollisjonar blir diskutert. Til slutt gjer kurset ei innføring i kvantitativ geomorfologi, orogenskala landskapsevolusjon inkludert både korte og lange tidskala transportmekanismar. Kurset brukar Matlab for berekningar og synleggjering av temperaturutvikling, styrke, bassenginnsynking, og enkle erosjonsmodellar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • løyse varmelikninga for enkle geologiske problem
  • lage Matlab program for berekning av temperatur og varmestrøm for ulike geologiske scenarioer og for styrkeberekning av litosfæren
  • forklare Eulerian og -Lagrangian referanserammer
  • forklare omgrepa landheving, innsynking, ekshumering og denudasjon
  • forklare lokal og regional isostasi, og løyse enkle isostatiske problem relatert til erosjon og sedimentasjon
  • beskrive grunnlaget for likninga som uttrykker havdjup som funksjon av alder
  • beskrive McKenzie`s riftmodell, og forklare omgrepa skorpe- og mantelstrekningsfaktorer, backstripping, og tektonisk, termal og isostatisk innsynking
  • gje grunnleggjande definisjonar på spenning og deformasjon og forklare kva som kontrollerar reologien i oseanisk og kontinental litosfære
  • forklare storskala erosjonsmodellar, og korte og langsiktige transportmekanismer
  • vite korleis ein skal gjennomføre ei litteraturstudie om eit emne på berekningsgeofysikk og / eller eit lite forskingsprosjekt
  • Kan bruke verkty frå biblioteket, samt elektroniske verkty for dette prosjektet i berekningsorientert geodynamikk og overflate prosessar

Ferdigheiter
Studenten kan

  • skrive dataprogrammer i Matlab for å illustrere og løyse vitskaplege problem i geodynamikk og overflate prosessar
  • skrive ein kort vitskapleg artikkel om et emne som er relevant i beregningsorientert geodynamikk og overflate prosessar
  • gje ein presentasjon om dette temaet i berekningsorientert geodynamikk og overflate prosesser til jamaldra studentar og ekspertar

Generell kompetanse
Studenten kan

  • skrive dataprogrammer som er relevante i geodynamikk og overflateprosessar
  • gjere ei sjølvstendig litteraturstudie og / eller forskingsprosjekt på området bereknings geodynamikk og overflateprosessar
  • delta i ein diskusjon om ei problemstilling i berekningsorientert geodynamikk og overflateprosessar

Krav til forkunnskapar

GEOV111, GEOV112

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Totalt undervising i 12 veker

Første 10 veker:

Undervisning ved hjelp av aktive læringsteknikkar: 3 timar / veke,

Siste 2 veker: Forsking eller litteraturprosjekt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking i all undervising; alle øvingar skal leverast og alle øvingar skal vere godkjente.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering:
  • Vurdering av 12 obligatoriske øvingar etter kvar enkelte førelesning
  • Munnleg presentasjon av ein av dei 12 obligatoriske øvingane
  • Individuell skriftleg lekse/oppdrag til innlevering
  • Muntlig samtale om skriftlig lekse/oppdrag og annet kurs innhold

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOF264

Vurderingssemester

Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere mappe i semestra emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no

Tlf 55 58 35 19