Kjemi og energi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust og vår (Fargekode: gul). Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket |
| Fagleg overlapp | K101: 10stp; FARM110: 10stp |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Etter fullført emne KJEM110 skal studenten kunne:
- greie ut om grunnleggande omgrep innan delar av kjemien der energi er sentralt.
- beskrive oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til stoff ut frå eit fysikalsk perspektiv.
- forklare struktur og bindingsforhold i atom og molekyl.
- gjere utrekningar ved hjelp av fysikalsk-kjemiske lover og likningar.
- gjennomføre eksperiment i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre.
- rapportere skriftleg formål og utføring av eit laboratorieforsøk og vurdere resultata frå forsøket i ein laboratoriejournal.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.
Undervisningssemester
Haust og vår (Fargekode: gul). Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Kurset passar for studentar som anten har ein god bakgrunn i kjemi frå vidaregåande skule (Kjemi 2 (3KJ), ev. beherskar Kjemi 1 (2KJ)-pensumet fullt ut) eller som har fylgt undervisninga i KJEM100. Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapar og reaksjonar til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og naturen. Av tema som inngår kan nemnast: Tilstandslikningar, energiomgrep (entalpi, fri energi), entropi, Nernst likning, elektrokjemi, eigenskapar til løysningar, aggregattilstandar, reaksjonskinetikk og kjernekjemi. Det inngår ein avgrensa laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet og gir øving i eksperimentelt arbeid.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne KJEM110 skal studenten kunne:
- greie ut om grunnleggande omgrep innan delar av kjemien der energi er sentralt.
- beskrive oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til stoff ut frå eit fysikalsk perspektiv.
- forklare struktur og bindingsforhold i atom og molekyl.
- gjere utrekningar ved hjelp av fysikalsk-kjemiske lover og likningar.
- gjennomføre eksperiment i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre.
- rapportere skriftleg formål og utføring av eit laboratorieforsøk og vurdere resultata frå forsøket i ein laboratoriejournal.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
K101: 10stp; FARM110: 10stp
Obligatoriske arbeidskrav
Laboratoriekurs m/journal og innleveringsoppgåver. Godkjend HMS-kurs. Dette kan takast same semester i forkant av KJEM110-undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Vurderingsformer
Mappeevaluering basert på laboratoriekurs (bestått/ikkje bestått), obligatorisk innleveringsoppgåve (bestått/ikkje bestått), midtsemestervurdering (2t) (30%) og skriftleg slutteksamen (4t) (70%).
Utfyllande eksamensregler:
1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 6 påfølgande semester.
2. Midtsemestervurdering og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.
3. I semester med undervisning:
a) Studentar utan godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
b) Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester kan
Enten
i. Etter skriftleg melding til instituttet innan fristen for eksamensoppmelding, delta i mappeevalueringa, og må då gjennomføre alle delane av mappeevalueringa, bortsett frå laboratoriekurset, i inneverande semester.
Eller
ii. Bare avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå denne eksamen utgjer karaktergrunnlaget.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.