Masterekskursjon i kvartærgeologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Kvartærgeologien i Europa har store regionale skilnader både i høve til kva prosessar som har verka i landskapet og ikkje minst kor lenge eit område har vore utsett for ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje studentane innblikk i og kunnskap om utvalde områder med fokus på den regionalgeomorfologiske og -stratigrafiske delen av kvartærgeologien. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg avanserte kunnskapar og førebu presentasjon av og diskusjon om kvartærgeologiske problemstillingar i Europa. Vidare skal ein kunne teikne geologiske skisser og detaljerte skildringar med påfølgjande tolkingar av utvalde ekskursjonsmål. Reisemål for ekskursjonen skiftar frå år til år og har tidlegare vore Island, Nord-Sverige, Skottland og Nord-Noreg.

Innhald: Ekskursjonen går normalt over seks dagar og vert førebudd gjennom seminar der ein gjennomgår litteratur som omhandlar aktuelle problemstillingar. Studentane vel eit emne som dei skriv eit essay om og som vert presentert for resten av gruppa. I tillegg til essayet vert studentane gjort ansvarlege for å presentere ein eller fleire av lokalitetane på ekskursjonen. Under ekskursjonen vert det ført feltjournal. På denne bakgrunn blir en temarapport utarbeidd og sett saman til ein meir omfattande ekskursjonsrapport. Uavhengig av kvar ein reiser vert studentane gitt ei brei opplæring i forskjellige typar avsetningar og former sett inn i ein regionalgeologisk kontekst.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • identifisere ulike eksogene prosessmiljø uavhengig av kva region ein vitjar
  • skildre kva geomorfologiske prosessar som er og har vore aktive i eit område
  • innhente og tolke data gjennom enkle feltarbeid
  • presentere den kvartæregeologiske historia i ein region basert på litteraturstudiar og enkle feltstudiar
  • organisere og skrive geologiske rapportar basert på feltobservasjonar

Dugleik

Studenten kan

  • konkludere om genese og prosessmiljø for ulke typar geologisk materiale avsett av ulke geomorfologiske agensar
  • summera og tolka informasjon innhenta med enkle felt meodar
  • framstilla og drøfte den kvartærgeologiske historia for eit område

Generell kompetanse

Studenten kan

  • vurdera kritisk litteratur publisert om gitte regionale kvartærgeologiske problemstillingar
  • gjennomføra feltstudiar i Nord-Europa
  • demonstrere evne til å arbeida individuelt, men også som ein del av ei gruppe både i feltsituasjonen og i ekskursjonssamanhengar

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master and PhD level

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Emnet er basert på ekstern finansiering og kan bli kansellert V22 i mangel på dette. 

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelor i geovitskap (studieretning geologi) eller tilsvarende, samt opptak til master i geovitenskap.
Tilrådde forkunnskapar
Bachelor i geovitskap (studieretning geologi).
Studiepoengsreduksjon
5 sp overlapp med GEOL322
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Seks seminarer à 2 timer tidleg i semesteret

Seks dagars feltkurs i slutten av semesteret. 

Studenten skal trene på å utarbeide skriftleg materiale til feltkurset, og kan få oppgåver som il dømes å utarbeide korte intro-filmar, eller liknande. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på ekskursjon og innlevering og godkjenning av feltrapport. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt 3 semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.
Vurderingsformer
Rapport. Feltrapporten frå feltkurset må vurderast som bestått for å få endeleg vurdering i emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått / ikkje bestått nytta.
Vurderingssemester
Vår. Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg samt levere inn rapport dei semestra emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.