Nervesystemet sin molekylærbiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Dette kurset skal utstyre studentane med ein forståing av det molekylære grunnlaget for membranelektrisk eksitabilitet og relatert nevrofysiologi og med noko praktisk erfaring med å måle ionekanalfunksjon. Etter kurset skal studentane vera klare til å ta fatt på vidare studiar eller laboratorieprosjekt innan molekylær nevrovitskap, biofysikk eller farmakologi.

Innhold:

Kurset dekker dei viktigaste proteinane som sørger for kjemiske og elektriske gradientar over cellemembranen og som formidlar membraneksitabilitet i celler som nevroner.

Emnet beskriver det biofysiske grunnlaget for proteinfunksjon, korleis dette medierer fysiologiske prosesser spesielt i nervesystemet, i tillegg til eksperimentelle teknikkar og farmakologiske vegar. Det inkluderer også ein praktisk introduksjon til elektrofysiologi i laboratoriet, og kollokvie/diskusjonar og presentasjonar av relevant forsking.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan forklare:

  • hovudgruppene av membranproteiner som formidlar elektrisk eksitabilitet av celler
  • grunnleggande aspekt ved nevrofysiologi
  • molekylære eller biofysiske utgangspunkt for membranproteinfunksjon
  • nokon av dei store nyare retningane for protein- og nevrofysiologiforsking eller bioteknologi

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vurdere forsking og presentere den tydeleg for andre forskarar
  • utføre grunnleggande eksperimenter for å vurdera ionekanalfunksjonen
  • utføre grunnleggande farmakologisk dataanalyse
  • skrive forskingsrapportar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Haust 2024, deretter vår (vår 2025, vår 2026 osb.)

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
MOL100, MOL201/BIO103 og MOL221 (eller tilsvarende lab-kurs)
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen 
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Hovudsakeleg førelesningar, kombinert med kollokvier kor studentane vurderer og presenterer forsking relatert til førelesningene

Eit laboratoriekurs kor studentane øver seg på eksperimentteknikkar relatert til førelesingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i laboratorieøvelsar og kollokvier er obligatorisk.

Skriftleg labrapport er obligatorisk.

Munnleg presentasjon av godkjent tema er obligatorisk.

Fyrste førelesning/Orienteringsmøte er obligatorisk, ellers kan du miste plassen din på emnet.

All obligatorisk aktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og tre påfølgende semester.

Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 3 timar
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle kalkulatorer tillatt, i samsvar med fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studie@bio.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.