Nordisk fagdidaktikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i nordisk fagdidaktikk for studentar som har valt nordisk som fag i lektorutdanninga. I innføringskurset legg ein særleg vekt på:

  1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.
  2. Språklæring og språkutvikling.
  3. Tekstforståing og tekstskaping.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i kva norskfagleg og nordiskfagleg kunnskap er, og korleis elevar kan tileigne seg og lære slike kunnskapar
  • har innsikt i sentrale styringsdokument for norskfaget
  • har innsikt i korleis elevar kan utvikle språkkompetanse og tekstkompetanse

Dugleikar

Studenten

  • kan orientere seg i faglitteratur og eksisterande teoriar innanfor nordisk fagdidaktikk
  • kan leggje fram erfaringar frå praksis og drøfte dei i lys av fagdidaktisk refleksjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over faglege og utdanningspolitiske problemstillingar knytte til norskfaget i skulen
  • kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg utvikling hos medstudentane

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

100-nivå i integrert lektorutdanning

Undervisningssemester

Haustsemesteret. Tredje semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek nordisk som fag I. Femte semester for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar

Minimum 15 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 eller NOSP102/NOSPAN101). PEDA120

KOPRA101 For studentar som tek nordisk som fag II: KOPRA102

Tilrådde forkunnskapar
Minimum 30 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 og NOSP102/NOSPAN101).
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Kurset er for studentar som tek nordisk som fag i lektorutdanninga.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet.

Det vil vere obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek nordisk som fag I, og obligatorisk for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek nordisk som fag II.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek nordisk som fag I.

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek nordisk som fag II.

Studenten må vere til stades minst 80 % av undervisinga for å få emnet godkjent.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamensforma er 4 timar skuleeksamen. Meir informasjon vert gitt i studiet. Instituttet avgjer ved loddtrekning om eksamen skal skrivast på nynorsk eller bokmål. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet skriftspråk seinast ei veke før eksamen. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget, vert rett og god språkføring vektlagd.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gjev framlegg om spesifisert pensumliste i emnet. Pensum for NODI101 utgjer om lag 400 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Retteprogram i Inspera er slått på under skuleeksamen. Ingen andre hjelpemiddel tillate.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium