Hjem
Click

Utdanning

Bachelor

Bachelorprogram i informatikk: bioinformatikk

Ny student

Ny student

Velkommen som ny student ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet!

Du finn informasjon om studiestart og mottaket på våre nettsider.

Introduksjon

Introduksjon

Bioinformatikk handlar om utvikling og bruk av informatikkmetodar for å løyse utfordringar innanfor molekylærbiologi og medisin.

Moderne molekylærbiologi generer særs store mengder data og er dermed heilt avhengig av avanserte informatikkmetodar. I dag er det for eksempel mogleg å bestemme genomet (samla genetisk materiale) for enkeltpersonar. Stadig betre bioinformatikkmetodar må derfor utviklast for å organisere og analysere desse dataa, og for å finne samanhengar mellom genar, livsstil og sjukdom.

Bioinformatikk er også sentralt i studiar av proteina sin verkemåte i organismar og i utviklinga av nye legemiddel, for eksempel gjennom oppdaging og optimalisering av nye enzym.

Som bioinformatikkstudent i Bergen vil du opparbeide deg ein solid kompetanse innanfor informatikkemne som programmering, algoritmar, søking og maskinlæring. Du vil òg tileigne deg kunnskap innanfor molekylærbiologi og medisin for å kunne forstå sentrale utfordringar innanfor desse fagfelta, for dermed å kunne utvikle og bruke relevante informatikkmetodar.

Bioinformatikk-miljøet ved Universitetet i Bergen har heilt sidan 2002 leia ei nasjonal plattform for bioinformatikk og leiar frå 2015 òg ein nasjonal forskarskole på feltet.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Med ein fullført bachelorgrad har du kunnskap om korleis metodar frå bioinformatikken kan bidra til å løyse oppgåver innanfor andre fagområde. Dette gjer at du er attraktiv for stillingar innanfor forsking, forvaltning og bioteknologiske bedrifter, men også for eksempel innanfor energisektoren.

Etter bachelorgraden kan du gå vidare med eit masterstudium i bioinformatikk. Du vil også vere kvalifisert for andre masterretningar innanfor informatikk. Dersom du vel å avslutte studia etter fullført bachelorgrad, vil kompetansen din med bruk av informatikk vere eit stort konkurransefortrinn du kan ta med deg inn i eit anna fagfelt.

Vidare studium

  • Bachelorprogram

I det treårige studiet inngår emne som lineær algebra, innføring i molekylær­biologi, innføring i bioinformatisk sekvensanalyse og programmering.

  • Masterprogram

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk.

  • Forsking

Forskingsaktiviteten i fagmiljøet er delt opp i seks grupper: algoritmeteori, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:
- Er i stand til å gjennomgå grunnleggjande statistikk og algoritmar som blir brukt i metodar innan bioinformatikk.

- Kan forklare algoritmar sitt forhold til biologiske spørsmål som dei prøver å besvare/belyse.

- Er kjent med grunnleggjande kjemi og molekylærbiologi

- Har kjennskap til sentrale metodar innan maskinlæring og bioinformatikk

Ferdigheiter

Kandidaten:
- Kan designe og implementere algoritmar og metodar innan bioinformatikk i tråd med god informatikk-praksis.

Generell kompetanse


Kandidaten:
-Kan kritisk og analytisk vurdere eiget og andres arbeid, og på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt.
-Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper med andre.
-Kan vurdere juridiske og etiske sider ved arbeidet sitt.
-Kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt

Oppbygging

Oppbygging

Krav til bachelorgraden i bioinformatikk er ei spesialisering på til saman 130 studiepoeng. I tillegg må 40 studiepoeng veljast blant valfrie emne.

Valemne gir deg moglegheita til å sjølv sette saman graden din fritt ut frå kva faglege interesser og karriereplanar du har. Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på nettet: uib.no/ii/bachelor-programmes

Bachelor i informatikk: bioinformatikk (krav 180 SP)
Innføringsemne (ex.phil) (krav 10 SP)
Du kan velje mellom to variantar av ex.phil (NB! seminarvarianten er atterhaldsam nye studentar i haustsemesteret).
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
EXPHIL-MNSEMExamen philosophicum - seminarmodell101–61
EXPHIL-MNEKSExamen philosophicum- skuleeksamen101–61
Spesialisering i bioinformatikk (krav 130 SP)
Obligatorisk emne
Datamaskiner og operativsystem (HiB)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF100Grunnkurs i programmering (Programmering 1)101–61
INF101Vidaregåande programmering (Programmering 2)101–62
MAT121Lineær algebra101–62
MNF130Diskrete strukturar101–62
INF102Algoritmar, datastrukturar og programmering101–63
INF281Innføring i bioinformatisk sekvensanalyse101–64
MOL100Innføring i molekylærbiologi101–64
INF285Genomikk og transkriptomikk101–65
Vel minst eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
MAT101Brukarkurs i matematikk I101–61
MAT111Grunnkurs i matematikk I101–61
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
KJEM100Kjemi i naturen101–63
KJEM110Kjemi og energi101–63
Vel minst eit av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF112Systemkonstruksjon101–64
INF142Datanett101–64
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF122Funksjonell programmering101–65
MOL203Genstruktur og -funksjon101–65
STAT110Grunnkurs i statistikk101–65
Informatikkval (krav 10 SP)
Du vel 10 SP blant informatikkemne, som skal inngå i spesialiseringa. NB! INF109 Dataprogrammering for naturvitskap blir ikkje godkjent som ein del av spesialiseringa i bachelorgraden.
Valfrie emne (krav 30 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 30 studiepoeng
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Utveksling

Vi har i dag utveklsingsavtalar med blant andre Vienna University of ­Technology (Austerrike), Third University of Rome (Italia) og Charles ­University, Praha (Tsjekkia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak .

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i informatikk: bioinformatikk, studiekode i Samordna opptak: 184964

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA: Matematikk R1(eller matematikk S1 og S2) og enten Matematikk R2 eller Fysikk 1 og 2 eller Kjemi 1 og 2 eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2 eller Geofag 1 og 2 eller Teknologi og forskningslære 1 og 2. NB! Fra og med studieåret 2018/2019 blir det endringer i opptakskravet

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorprogrammet i bioinformatikk bygger på matematikk R1+R2 og gode mattekunnskapar er derfor anbefalt.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. På nettsidene våre finn du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

mn-bioinformatikk.jpg

Bioinformatikk

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Søk her

Søkerkode i Samordna opptak

184395

Kontakt

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@mnfa.uib.no

55 58 30 30