Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Allmenn litteraturvitskap Litteraturteoretisk særemne

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Våren 2020 kan ein velje mellom tre kurs på 200-nivå i litteraturvitskap: Litteraturvitskapleg retorikk v/Arild Linneberg, Hamsun og Undset v/Christine Hamm og Erik Bjerck Hagen (går fortrinnsvis som emnekode KVIK203), og Psykoanalyse og litteratur v/Gisle Selnes og Tania Espinoza.

Sjå lenke til RET206 eller RET256 for meir informasjon om Litteraturvitskapleg retorikk. Sjå litteraturlista på denne sida for meir informasjon om dei to andre kursa. Det blir informert om alle kursa på orienteringsmøtet (sjå timeplan). Studenten veljer kurs i Studentweb. Det er ikkje mogleg å velje same kurs under ulike emnekodar.

ALLV201 gir studenten fordjupande innsikt i ei litteraturteoretisk retning, eit litteraturteoretisk forfatterskap eller problemområde. Gjennom studiet får studenten ei grundig forståing for eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Instituttet tilbyr kvart semester undervising i minst eitt fordjupingstema. Tema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innanfor litteraturvitskapleg teori

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
  • demonstrere ferdigheiter i å analysere litteraturteori, posisjonere forskingslitteraturen litteraturvitskapleg
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid

Generell kompetanse

Studenten kan

  • aktualisere og problematisere litteraturteori slik at den kan komme til nytte i ulike andre faglege samanhengar
  • demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

ALLV111-114

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum i det litteraturteoretiske særområdet omfattar ca. åtte verk. Av desse skal to verk (eller tekstutval) vere litterære tekstar og minst seks skal vere teoretiske. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal om mogleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    26.05.2020, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    12.05.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen