Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnkurs i moderne standardarabisk II

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet ARA112 skal formidle forståing for arabisk morfologi, syntaks, tidleg arabisk litteraturhistorie og arabisk kultur og samfunn. 

Studentane

  • vidareutviklar uttale og lese- og skriveferdigheiter.
  • held fram med å tileigne seg grunntrekka i moderne arabisk grammatikk.
  • vidareutviklar evner til å kommunisere på arabisk om daglegdagse tema og meir abstrakte samfunnsrelaterte tema.
  • held fram med å utvikle strategiar for å kjenne lingvistiske mønster, uttrykk og setningar.

Emnet byggjer på ARA111, og er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Emnet ARA112 skal formidle forståing for arabisk morfologi, syntaks, den arabiske litteraturhistoria frå middelalderen og arabisk kultur og samfunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Studenten har eit ordforråd på ca. 1400 ord.

- Studenten har utvida kunnskap om arabisk grammatikk.

- Studenten har grunnleggjande innsikt i tidleg arabisk litteraturhistorie.

Ferdigheiter

- Studenten kan lese og omsetje og gjengi innhaldet i enkle tilpassa autentiske tekstar ved hjelp av ordbok.

- Studenten kan omsetje enkle nivåtilpassa tekstar frå norsk til arabisk.

- Studentane kan delta i en konversasjon på moderne standard arabisk (MSA) om enkle tema og i roleg tempo.

- Studenten har basiskunnskap om arabiske media, til dømes nettaviser.

- Studentane kan trekke ut informasjon frå ukjente tekstar og munnleg kommunikasjon i tema som er relatert til dagligliv, studie, reise og andre samfunnsrelevante tema.

Generell kompetanse

- Studenten har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på middelsnivå.

- Studenten har kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturrelaterte tema.

- Studenten har kjennskap til tidleg utvikling av arabisk litteratur.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og gode skriftlege ferdigheiter i norsk. Det blir tilrådd at studentar har førekunnskapar som svarar til ARA111.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA112 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med ARA101 og 5 studiepoeng om det blir kombinert med ARA103.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt seks dobbeltimar førelesing i veka i seks veker. Til saman vil talet på kontakttimar vere om lag 72. To av timane går til førelesingar i tidleg arabisk litteraturhistorie.

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og digitale kjelder. Det blir forventa at studentane deltar aktivt i undervisninga og bruker ca. 2-4 timar per dag på sjølvstudium.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal levere 2 øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Det er også krav om å gjennomføre ei munnleg prøve. Denne vert også vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per skriftlege oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjent ved fyrste innlevering. Då har studenten 48 timar på seg til å levere inn sitt andre forsøk. Studenten får berre eit forsøk til å ta den munnlege prøva.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg skoleeksamen på fire timar. Eksamenen vil innehalde både teoretiske og praktiske oppgåver. Begge komponentane må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Viss leiinga ved UiB gir beskjed om å kansellere skriftleg skoleeksamen i sal som tiltak mot spreiing av koronaviruset vert forma for vurderinga endra til skriftleg eksamen heime på fire timar med ein time teknisk tilleggstid.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordboka Arabic-English Dictionary av Hans Wehr.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vurdering skjer i same semester som undervisningssemesteret. Det er òg vurdering tidleg i det påfølgjande semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget. Lærebøker og digitale resursar tilpassa kursopplegget. Cirka 160 sider får læreboka i tillegg til digitale og elektroniske kjelder. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    19.05.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    05.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted