Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr.

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARK114
  • Talet på semester1
  • SpråkUndervisninga vil vere på norsk eller engelsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Emnet vert tilbode uregelmessig.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar frå utviklinga av mennesket fram til 500 f.Kr. Når ressursane tillét det, vert det gitt undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema kan variere, avhengig av undervisningskrefter og aktuell forsking. Studentane skal fordjupe seg i einskilde periodar eller tema knytt til arkeologiske problem på ein vitskapleg måte. For omtale av tema som vert tilbydd inneverande semester, sjå her.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:

Kunnskap Studenten:

- har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden fram til 500 f.Kr.

- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet

- kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet

- kjenner til fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

- har god kunnskap innan og innsikt i fordjupingstemaet.

Ferdigheiter

Studenten:

- kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og gjere greie for vala sine

- kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing

- kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ein problemstilling kan nytte relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformar som er relevante for forskinga i perioden fram til 500 f.Kr.

- kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.

- kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar. Generell kompetanse Studenten:

- har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer

- kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar

- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis

- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet

- kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

6-10 forelesingar/seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80 % deltaking på undervisninga er obligatorisk. Godkjend obligatorisk deltaking er gyldige i to semester etter det semesteret den vart godkjend.

Vurderingsformer

Heimeeksamen. Eksamen varar i 5 dagar og svaret skal vere på om lag 3000 ord. 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. 

Vurderingssemester

Vår.

Studentar som har fått godkjend obligatorisk oppmøte i undervisningssemesteret, kan ta eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester. 

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er omlag 1200 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap