Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Organismebiologi 1

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning. Dersom du ikkje kan møte på første førelesning må du ta kontakt med studieseksjonen: studie@bio.uib.no

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål for emnet er å gi ein oversikt over livets opphav, systematikk og evolusjon. Studenten vil bli presentert for generelle bygningstrekk hos sentrale organismegrupper via førelesninger og laboratorieøvinger. Klassiske dissekerings- og mikroskoperingsteknikker vil bli brukt til å demonstrere morfologiske strukturar og biosystematiske detaljer hos utvalde plantar og dyr. Mikrobielle detekteringsmetodar vil bli brukt til å karakterisere og identifisere utvalde prokaryote organismar.

Emnet inkluderer eit omfattande laboratoriekurs.

For studentar som skal fortsette med emnet BIO102 vil det vere obligatorisk å delta på feltkurs som høyrer til BIO102 i slutten av vårsemesteret.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

  • Skal kjenne til dei forskjellige hovudgruppene av prokaryote organismar, protistar, sopp, plantar og dyr, og kva som definerer desse.
  • Skal kjenne til sentrale omgrep og analysemetodar som blir brukt innan studiar av fylogeni, taksonomi og biologisk mangfald.
  • Kan gjere greie for korleis dei forskjellige organismegruppene har utvikla seg.
  • Skal kjenne til dei ulike organismegruppene sin biologi og anatomi for å forstå deira biosystematiske plassering, evolusjonsforløp og slektskap.

Ferdigheitar:

  • Kan bruke grunnleggjande laboratorieteknikkar for å studere, identifisere og klassifisere sentrale organismegrupper
  • Kan framstille eigne resultat frå laboratoriearbeid i form av teikningar, tabellar og figurer etter relevante deler av IMRaD (Introduksjon, Materiale og metode, Resultat, Diskusjon) formatet.

Generell kompetanse:

  • Kan samarbeide med medstudentar for gjennomføring av laboratorieøvingane.
  • Kan reflektere over og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn.
  • Kan opptre ansvarleg i forhold til reglar og retningslinjer for arbeid i laboratoriet.
  • Kan klassifisere organismar etter spesifikke karaktertrekk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 BIO100 (BIO110)

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesninger og laboratoriekurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på laboratoriekurs og godkjent labjournal. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester, inkludert semesteret du gjennomfører obligatorisk aktivitet.

Vurderingsformer

Skriftleg avsluttande eksamen 3 timer, labjournal må vere godkjent for å få gå opp til avsluttande eksamen.

Eksamen består av tre delar som kvar tel 1/3: mikrobiologi, zoologi og botanikk. Alle dei tre delane må vere bestått for å bestå eksamen.

Hausten 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Karakterskala "bestått/ikkje bestått" i staden for karakterskala A-F
  • Skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

BIO111 Zoologi (5 sp), BIO112 Botanikk (5 sp), BIO113 Mikrobiologi (5 sp)

BIF101 (6 sp)

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret  har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    30.09.2021, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    16.09.2021
    Andre opplysninger
    Høsten 2021 er det følgande endringar i vurdering: Karakterskala "bestått/ikkje bestått" i staden for karakterskala "A-F" og skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen