Hjem
Studentsider
Årsstudium

Innføring i biodidaktikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeBIODID220-P
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 5 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i biologi og naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp biologi/naturfagdidaktikk som forskingsfelt, læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv, biologifaget sin historiske utvikling, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for biologi og naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • er kjent med biologi/naturfagfagdidaktikk som forskingsfelt og eit utval av fagdidaktisk forsking
  • skal ha kunnskap om kva som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
  • kan gjere greie for kva kjenneteikn biologi har som skulefag og vitskapsfag, og korleis biologi har utvikla seg som fag
  • kjenner til ulike arbeidsmåtar i biologi og naturfag og korleis desse kan bidra til læring
  • har grunnleggande kunnskapar om korleis oppbygginga til hjernen og nevrofysiologiske prosessar påverkar læring, og korleis læring kan settast inn i eit biologisk og evolusjonært perspektiv

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere læreplanar i biologi og naturfag og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
  • reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i etisk utfordrande eller kontroversielle tema i biologi
  • leggje til rette for varierte og utforskande arbeidsmåtar og nytte digitale verkty som bidreg til læring og at elevane får røynsle med eit breitt spekter av biologifaget
  • nytte forskingsbaserte metodar for å få kunnskap om elever, undervisning og læring i faget
  • utvikle skriftleg og munnleg kommunikasjon hos elevar som verkemiddel for læring og formidling av kompetanse

Generell kompetanse

Studenten kan

  • motivere elevar og skape interesse for biologi og naturfag
  • nytte kunnskapar og erfaringar frå praksis til å grunngje val av arbeidsmåtar i biologi
  • definere tydlege læringsmål for elevane , velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og i etterkant kunne evaluere i kva grad desse ble nådd

Krav til forkunnskapar

Samme krav som for opptak til studiet.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 seminarar og forelesninger

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar, 2 skriftlege oppgåver. (Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i BIODID220-P må normalt PPUPRA101 og PPUPRA102 være bestått.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Det gis gradert karakter (A-F).

Karakterskala

Det gis gradert karakter (A-F).

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studie@bio.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.