Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Nordisk fagdidaktikk for PPU 1

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei innføring i nordisk fagdidaktikk for studentar som har norsk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:

1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.

2. Språklæring og språkutvikling.

3. Tekstforståing og tekstskaping.

4. Lesing og litteraturdidaktikk

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

* har brei norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på den vidaregåande skulen

* har brei kunnskap om norskfaget si samfunnsmessige rolle og utvikling

* har brei kunnskap om norskfagleg læring og danning

* har inngåande kunnskap om skriveprosessar og skriveopplæring

Ferdigheiter:

* kan planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga norskfagleg undervisning

* kan leggje til rette for norskfaglege læringsprosessar og skape eit trygt læringsmiljø

* kan vurdere norskfaglege tekstar og gi læringsfremmande tilbakemeldingar

Generell kompetanse:

* kan formidle norskdidaktiske problemstillingar

* kan reflektere over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål

* kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 sp i nordisk språk og litteratur eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

 Gode kunnskapar og dugleikar i både nynorsk og bokmål.

Studiepoengsreduksjon

Kan berre gjevast etter individuell vurdering.

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet. Det vil òg bli arrangert fellesførelesingar i språkdidaktikk og minst tre timar undervisningsverkstad. 

Emnet skal vere kopla til praksis i norskfaget i skulen.

Det er forventa at studentane er til stades på det meste av undervisninga og arbeider aktivt med lærestoffet. Organiseringa av undervisninga har det som utgangspunkt.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der det er aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Godkjent utkast til mappeoppgåve

- Leggje fram undervisningsopplegg på undervisningsverkstad

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering med to tekstar: til saman ca 20 000 teikn medrekna mellomrom, men ikkje medrekna litteraturliste og vedlegg. Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semestret. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.

Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Pensum tilsvarer ca. 500 sider av normal vanskegrad. Av desse eit utval sider sams for alle språkfaga.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet, UiB.

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

laerer@uib.no

Eksamensinformasjon