Romlig historiefortelling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

I emnet skal studentane gjennom bruk av romlege verkemiddel og utforming av gjenstandar formidle meiningsinnhald i ein romleg samanheng. Gjennom ei utforskande tilnærming skal dei samarbeide om å lage ei utstilling.

Innhald:

Studentane skal gjennom ei praktisk tilnærming få kjennskap til kunstnariske verkemiddel knytte til komposisjon, belysning, farge, profilering og romleg kommunikasjon i relasjon til formidling av meiningsinnhald gjennom objekt og rom, og korleis dette kan nyttast i utstillingar eller andre formidlande samanhengar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • har kjennskap til virkemiddel og deira effekt i relasjon til historieforteljing.
  • har forståing for korleis objekt, rom, bilete, tekst og bodskap samhandlar i formidling av eit prosjekt/historie.

Ferdigheiter:

  • kan gjennomføre eit utstillingsprosjekt ved å kombinere relevante verktøy, teknikkar, metodar og uttrykksformer.
  • kan dokumentere ein utforskande prosess.
  • kan utvikle løysingar og design som er tilpassa bodskapet som skal kommuniserast.

Generell kompetanse:

  • evnar å samarbeide med ei gruppe om å handtere eit større prosjekt.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Campus Møllendal ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Emnet tilbys til studentar med opptak til Bachelorprogrammet i design, med studieretning Møbel og rom/interiørarkitektur.
Arbeids- og undervisningsformer

Studenten vil arbeide individuelt eller i mindre grupper med case/prosjekt der dei gjennom eksperimentering i skalamodell, skisse og fullskala utviklar sine prosjekt.

Gjennom førelesingar, befaringar og verkstader får studenten erfaring med ein prosess der dei tileignar seg grunnleggjande kunnskap ved å observere, erfare og bearbeide informasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må vise ein prosjektbeskrivelse, være til stede på oppstarten av workshops, og avsluttende presentasjon. Disse annonserast på Mitt UiB i starten av emne.

(ved godkjent har studenten rett til vurdering i emnet).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- Innlevering av prosessdokumentasjon.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet evalueres hvert tredje år iht UiBs kvalitetssystem.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.