Pasientsikkerheit og simulering i praksis
- Studiepoeng3
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeELMED228
- Talet på semester1
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår, elektiv periode er i januar.
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje studenten ei grunnleggjande og praktisk retta innsikt i kva ein meiner med sikkerheit for pasientar, korleis uønska hendingar oppstår, og korleis ein kan skape sikkerheit ved hjelp av ulike arbeidsmetodar og betre kommunikasjon.
Studentane skal også få innføring i korleis uønska hendingar skal handterast ifølgje lov og forskrift. Vidare skal ein syne korleis slike hendingar påverkar pasient, pårørande og involverte kollegaer og fagmiljø.
Simuleringstrening har blitt ein vanleg måte å øve på vanskelege situasjonar, og studentane skal få ei omfattande innføring i kva simulering og teamtrening er, og korleis ein bør drive slik øving. To dagar av kurset vil være fasilitatoropplæring slik Stiftelsen BEST: Bedre & systematisk teamtrening driv ved norske sjukehus. Målet er å få til tverrfaglege øvingar i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og BAMS.
Studentane skal også få kjennskap om dei mange ressursar som fins på internett når det gjeld pasientsikkerheit og simulering.
Emnet Pasientsikkerheit og simulering i praksis skal formidle forståing for korleis ulike faktorar spelar saman, og enten fører til uønska hendingar eller ikkje. Gjennom presentasjon av ulike teoretiske modellar, pasienthistorier og rapportar, vil ein i diskusjon få ei djupare forståing for omgrepa sikkerheit og tryggleik, og korleis simulering kan være eit godt og nyttig verkemiddel.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- kan gjere reie for korleis uønskte hendingar vanlegvis oppstår
- kjenner til teoretiske modellar for risiko ¿ sikkerheit, som Safety-I, Safety-II og kompleksitets-kunnskap
- har grunnleggjande kunnskap om nytten av, men og grenser for, strukturert kommunikasjon og prosedyrar
- veit om fysiologiske grenser for menneskeleg kapasitet
- veit korleis ein skal melde og handtere uønskte hendingar
- har kjennskap til vanlege reaksjonar hjå pasientar, pårørande og kolleager ved uønskte hendingar
- har kjennskap til erstatnings-ordningar som NPE
- veit om utvalde former for sikkerheitsarbeid i både medisin og nokre andre deler av samfunnet
- veit korleis simulering og teamtrening kan nyttast for å auke pasienttryggleiken
Ferdigheiter
Studenten:
- kan analysera ei uønskte hending ved hjelp av ulike verktøy
- kan samtale med pasient/pårørande og kollegaer etter ei uønskte hending
- kan finne informasjon om pasientsikkerheit på internett
- kan planlegge, leie/gjennomføre teamøvingar, inkludert leie debrief og refleksjon etter øving
Generell kompetanse
Studenten:
- djup forståing av sikkerheit og risiko og analyse av hendingar
- kompetanse om strukturert kliniske tilbakemelding
Krav til studierett
Medisinstudiet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesningar, video, gruppearbeid, rollespel og diskusjonar, praktiske øvingar og presentasjonar av oppgåver og tema innan pasientsikkerheit.
Vi vil invitere pasientar/pårørande, og representantar frå tilsynsmyndigheit og Statens havarikommisjon.
Kvar student vil planleggje og væra fasilitator for to teamøvingar, og i tillegg førebu og presentera eit tema for dei andre studentane.
I den grad det er mogeleg vil ein freiste få med andre helsefaglege studentar når ein skal drive simuleringsøvingar.
Tal på deltakarar (studnetar):
Min: 12
Maks: 24
Vurderingsformer
Aktiv deltaking i diskusjonar, gruppearbeid og øvingar. Ein skal og levere ei skriftleg oppgåve under kursperioden.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Kontakt
Tlf: 55 58 64 00
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Deltatt
- Trekkfrist
- 14.12.2022