Økonomistyring i helsesektoren
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ELMED329
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Styring i helsesektoren og i helseføretak er utfordrande. Organisasjonane er komplekse, og dei krev høg profesjonell kompetanse hos utøvarane. Helseinstitusjonane er svært store, og mange har einingar spedt utover store geografiske område. I tillegg skjer tenesteleveransane mellom institusjonar, som krev koordinering både horisontalt og vertikalt. Statleg eigarstyring inneber også eigarkrav og politisk styrte rammevilkår som lovar, reglar og finansieringsmodellar i stadig endring. Desse rammevilkåra påverkar helseføretaka si tilpassing og leiarar sitt handlingsrom.
Helsesektoren er ressurskrevjande og den har ein viktig plass i dei offentlege budsjetta, i politikken og i debattane. Anvender vi ressursane på ein god måte? Dette spørsmålet dreier seg både om å gjere dei rette tinga og å gjere tinga riktig, det vil si å organisere drifta slik at kvar pasient blir behandla med høg kvalitet og høg kostnadseffektivitet. Dette gir to perspektiv på styring, det samfunnsøkonomiske og det bedriftsøkonomiske. I dette kurset vil begge bli drøfta, men det er ein hovudvekt på det bedriftsøkonomiske perspektivet.
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten kan gjere greie for
- Det bedriftsøkonomisk og det samfunnsøkonomiske perspektivet på styring
- Korleis vi kan forstå økonomistyring i helseføretaka?
- Ulike måtar å forstå økonomisk informasjon
- Forklare styringssirkelen
- Ulike finansieringsmodellar som nyttast i helsesektoren
- Kostnadsdrivarar og kostnadsstruktur i helsesektoren
- Kalkylemodellar
- Regnskapsbasert styringsinformasjon i helseføretaka
- Korleis ressursbruk i helsesektoren kan målast og evaluerast
- Korleis finansieringssystemet kan nyttast som styringsverktøy
Ferdigheiter
Studenten kan
- Bruke bedriftsøkonomisk terminologi
- Gjere kostnads- og flaskehalsanalysar
- Identifisere kostandsdrivarar til bruk i aktivitetsbasert kostnadskalkulasjon
- Bruke rekneskap til prestasjonsmåling
Generell kompetanse
- Dette emnet vil gi deg som student relevant og grunnleggande kunnskap om bedriftsøkonomiske omgrep og tenkemåtar til bruk i helsesektoren