Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Analytisk kjemi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei innføring i kvantitativ analyse av uorganiske og organiske sambindingar i dei vanlegaste prøvematriser, som luft, vatn, fast stoff og biologisk materiale. Forskjellige trinn i analysegangen vil bli omhandla, som prøvetaking, prøveopparbeiding, våtkjemisk og instrumentell analyse, kvalitetssikring, og vurdering og rapportering av analyseresultat. I laboratoriekurset skal studentane bestemme konsentrasjonar av analyttar i reelle prøver.

Læringsutbyte

Etter fullført emne FARM250 skal studenten ha:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare prinsippa bak dei vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse
  • kan peike på bruksområde for dei vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse
  • kan forklare vanlege årsaker til analysefeil og tiltak som kan nyttast for å motverke dei
  • kjenner til vanlege metodar for kvalitetssikring som vert nytta i kvantitativ kjemisk analyse.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende skrivne prosedyrar til å utføre nøyaktige kvantitative bestemmingar på laboratoriet.
  • kan berekne analyseresultat basert på dei mest nytta kvantifiseringsprinsippa
  • kan vurdere kvaliteten av eit analyseresultat

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid på laboratoriet
  • har kunnskapar om grunnleggjande statistiske metodar

Krav til forkunnskapar

KJEM/FARM110, KJEM/FARM131 eller tilsvarende

Tilrådde forkunnskapar

KJEM120, KJEM210, MAT101/MAT111, STAT101/STAT110 eller tilsvarende

Studiepoengsreduksjon

K241: 10stp. KJEM250: 10 stp.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogrammet Integrert masterprogram i farmasi. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Laboratoriekurs. Karakteren i godkjenning av analyseresultater på lab og føring av labjornaler er gyldig i 6 påfølgande semester.
  • Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgong til avsluttande eksamen. Obligatoriske aktivitetar skal være eige arbeid.
  • Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
  • Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester9 på å gjennomføre laboratoriekurset,
  • Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Grunna situasjonen med koronavirus vert eksamen digital skriftleg eksamen heime (4 t). I tillegg vert det lagt til 0,5 time teknisk tid. Totalt 4,5 time.

Våren 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er det eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@kj.uib.no

Tlf 55 58 34 45

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    08.06.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    25.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen