Hjem
Utdanning
Masteremne

Språkleg særemne

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er ei fordjuping i ei språkleg problemstilling som kan vera henta t.d. frå fransk fonologi, syntaks, semantikk, leksikologi, tekstlingvistikk eller sosiolingvistikk.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått
  • har kjennskap til nyare forsking innan dette feltet

Dugleik

Studenten

  • er i stand til å gje undervisning i temaet emnet omhandlar
  • kan drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar

Generell kompetanse

Studenten

  • har overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar
  • kan planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid
  • kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

FRAN307L
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoeng-uttellinga for FRAN307 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN307L og med 15 studiepoeng om det vert kombinert med språkleg særemne FRAN303/304.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gjeven i seminarform, om lag 12 dobbelttimar i semesteret. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det kan også bli noko felles fjernundervisning for studentar i NORPART-masterløpet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca. 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Ei fire vekers skriftleg semesteroppgåve på om lag 4000 ord.

Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for fransk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    16.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    04.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen