Landformdannande prosessar
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeGEO111
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi innsikt i og forståing av korleis landformer vert danna og dei prosessane som ligg til grunn. I tillegg skal emnet gi generell kunnskap om korleis natur set grenser for menneskeleg aktivitet. Ved emneslutt skal studenten sjølv kunne identifisere ulike landformer, mellom anna ved hjelp av kart og flyfoto, forstå korleis dei blir danna og teoriane bak, og vere fortruleg med omgrep og fagterminologi.
Emnet skal formidle forståing for korleis naturlege/geologiske prosessar verkar på ulike skala i tid og rom og deira relasjon til endringar i klimatiske forhold , og dei samfunnsmessige konsekvensane det har.
Innhald:
Emnet introduserer det geofaglege innhaldet i naturgeografien. Emnet gir ei systematisk innføring i ulike landformdannande prosessar som forvitring, masserørsle, glasiale-, fluviale-, eoliske- og marine prosesser, deira verkemåte og samhandling og teoriar knytt til desse. Tema er generelle, men med særskild fokus på norske landformer. Det vil også bli gitt ei viss innføring i grunnleggjande geologi samt ei innføring i generell hydrologi og pedologi (jordsmonnlære).
Studiet avsluttar med eit feltkurs kor kunnskapar blir utøvd i praksis og vist gjennom ein innlevert rapport (gruppearbeid) som vert vurdert.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere greie for dei viktigaste landformdannande prosessar i Noreg og globalt
- kjenner til sentrale teoriar for landskapsutvikling
- kan forklare samanhengen mellom platetektonikk, indre prosesser og global geomorfologi
- kan forklare berggrunnen si betyding for utforminga av landformer
- kan beskrive dei store trekka i Noreg si geologiske historie
- kan gjengi dei store trekka i istidshistoria i Noreg og Skandinavia
- kan beskrive Jorda si klimahistorie i grove trekk
- har kunnskap om samspelet mellom naturprosessar og menneskeleg aktivitet
- kan forklare dei samfunnsmessige konsekvensane av naturgitte forhold og naturressursar i Noreg og andre land
Ferdigheiter
Studenten
- kan kjenne att ulike jordsmonn, jordartar og landformer ute i naturen
- kan identifisere prosessmiljø ute i naturen
- kan bruke navigasjonsutstyr (GNSS, t.d. GPS) for å samle inn geografiske data
- kan ta i bruk topografisk kart, flyfoto og fagleg kunnskap til å gjere ei naturgeografisk landskapsanalyse av eit område
- kan utføre ei kvartgeologisk kartlegging i felt under rettleiing og som del av ei gruppe
- kan teikne eit kvartærgeologisk kart i samsvar med ein oppgitt standard
- kan føre feltdagbok, og skilje mellom skildring og tolking
- kan rapportere feltdata skriftleg og munnleg, som del av ei gruppe
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i sentrale naturgeografiske problemstillingar
- kan formidle sentrale naturgeografiske teoriar skriftleg
- kan bruke eit presist naturgeografisk fagspråk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEO115 eller GEO110
Studiepoengsreduksjon
- GEOL106 - 10 studiepoeng reduksjon
- GEOG111 - 15 studiepoeng i reduksjon
- GEOV106 - 10 studiepoeng i reduksjon
- GEOV101 - 5 studiepoeng i reduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
- 1-2 førelesingar á 2 timer pr veke. Totalt 13-18 førelesingar
- 1 seminar á 2 timer pr veke. Totalt 8-12 seminar
- 1 heildagsekskursjon
- 1 feltkurs 4-5 dagar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking informasjonsmøtet
- Fem seminaroppgåver
- Deltaking dagsekskursjon og feltkurs
- Presentasjon av feltrapport i plenum
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Vurdering i emnet har to delar:
- Gruppevis feltrapport (1/3)
- Skuleeksamen 5 timer (2/3)
Delkarakterar og samla karakter blir publisert i Studentweb.
Karakter på feltrapport er gyldig i fire semester etter den er bestått.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Institutt for geografi
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Gruppevis feltrapport og skuleeksamen (Ny eksamen)
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Gruppevis feltrapport
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Skuleeksamen
- Varigheit
- 5 timer
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen