Hjem
Studentsider
Masteremne

Særemne i geografi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeGEO317
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/engelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust og vår uregelrett

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten ei grundig innføring i eit avgrensa forskingsområde i geografi, gjerne med relevans for masteroppgåva. Emnet skal formidle forståing for aktuelle forskingstema i geografi. Emnet er ein valfri del av mastergraden i geografi, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget, av teoretisk og/eller metodisk art. Det tematiske innhaldet på emnet vert definert av studenten sjølv, i samråd med rettleiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innanfor det utvalde geografiske fagområdet og spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde.
  • har god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for dette feltet.
  • har kjennskap til nyare forsking innan fagfeltet.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan presentere eit valt tema i ein skriftleg rapport basert på relevant litteratur.
  • kan presentere eit valt tema og gjere greie for relevant litteratur i plenum.
  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglige resonnement.
  • kan strukturere, førebu og halde ein presentasjon om emnet på eit nivå som medstudentar kan forstå.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere relevante geografiske problemstillingar.
  • kan bruke sin kunnskap og ferdigheiter på nye område og beherskar geografien sine uttrykksformer.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor geografi, både skriftlig og munnleg.
  • kan gje konstruktiv tilbakemelding om fagleg innhald og presentasjonsteknikk i eit skriftleg arbeid og til foredragshaldarar.
  • kan vidarutvikle eigen kompetanse og fagleg spesialisering.

Krav til studierett

  • Masterprogrammet i geografi med spesialisering i naturgeografi (MASV-GEOG)
  • Master's Programme in Physical Geography (MASV-PHYG)
  • Master's Programme in Geographies of Sustainable Development (MASV-MEHA)

Arbeids- og undervisningsformer

Individuelle studiar, rettleiing og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Levere og få godkjent pensumliste (500-700 sider)
  • Aktiv deltaking på seminar
  • Tilbakemelding til medstudentar, både munnleg og skriftleg
  • Munnleg seminarpresentasjon (30 min inkludert 5-10 min. til spørsmål) før innlevering av semesteroppgåve

Vurderingsformer

Semesteroppgåve (5000-7000 ord ekskludert referansar).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO317 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no