Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i geografi

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeGEO350
  • Talet på semester2
  • SpråkValfritt, norsk, skandinavisk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og individuelt feltområde for datainnsamling

Mål og innhald

Målet er å gi studenten metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere geografiske problemstillingar. Studenten skal utvikle sjølvstendige arbeidsmetodar og munnleg og skriftleg framstillingsevne. Studenten skal med rettleiing gjennomføre eit praktisk/teoretisk forskingsprosjekt som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve.

Emnet skal formidle forståing for gangen i eit geografisk forskingsprosjekt, korleis det vert gjennomført, og korleis resultata vert presentert. Masteroppgåve vert knytt til og gjennomført innanfor ei av hovudretningane i geografi.

I samråd med rettleiar skal studenten utforme ei problemstilling og setje seg inn i relevante teoriar og tidlegare arbeid med relevans for temaet og/eller forskingsområdet. Studenten skal vidare gjennomføre eit sjølvstendig arbeid av praktisk og/eller teoretisk art knytt opp mot problemstilling. Normalt er arbeidet basert på feltarbeid. Etter praktisk/teoretisk omarbeiding skal dette resultere i ei masteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 80-100 sider.

Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, teori, metode og resultat. Studenten skal på ein oversiktleg måte gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Også det empiriske materialet som vert analysert skal framstillast på ein oversiktleg måte. I vurderinga av avhandlinga legg ein vekt på korleis studenten meistrar relevant teori, metode og evne til å analysere.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap innanfor ei av hovudretningane i geografi og spesialisert innsikt i eit avgrensa område
  • har inngåande kunnskap om geografiens vitskaplege teori og metodar
  • kan analysere geografiske problemstillingar med utgangspunkt i geografiens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utforme, drøfte og analysere ei geografisk problemstilling og setje seg inn i relevante teoriar og tidlegare arbeid med relevans for temaet og/eller forskingsområdet
  • kan velje og anvende geografiske metodar til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem
  • kan innhente kjelder og informasjon, analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor spesialiseringa i geografi og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan analysere og presentere geografiske data på eit høgt nivå

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre heile prosessen for eit forskingsprosjekt
  • kan analysere geografiske forskingsetiske problemstillingar
  • kan anvende sine geografiske kunnskapar og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid, skriftleg og munnleg, og beherskar geografifaget sine uttrykksformer
  • kan kommunisere geografiske problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til allmenta
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta og forholde seg til gitte tidsfristar
  • beherskar ein god akademisk skrivemåte, argumentasjon og bruk av referansar

Krav til forkunnskapar

Bestått kursdel på 60 studiepoeng inklusiv prosjektskildring, vitskapsteori, særemne og milepælar.

Krav til studierett

Reservert studentar tatt opp ved Master i geografi (MASV-GEOG), Master's Programme in Geographies of Sustainable Development (MASV-MEHA) og Master's Programme in Physical Geography (MASV-PHYG).

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing basert på individuelle møter med rettleiar innanfor ei ramme på 21 timer, det vil seie omlag 5 timer pr. semester frå og med 1. semester til og med 4. semester. Deltidsstudentar har normalt krav på rettleiing i same omfang som heiltidsstudenten fordelt på dei semester ein har krav på rettleiing. Kvar e-postrettleiing tel som ein rettleiingstime. Rettleiing i felt tel også som rettleiingstimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Milepæl 1, 2 og 3 må vere gjennomført før oppgåva kan leverast.

Milepæl 1 utgjer seminardelen av GEO310 (prosjektskildringa), milepæl 2 skjer før feltarbeid, i april/mai i 2. semester. Milepæl 3 skjer etter avslutta feltarbeid, helst i september/oktober, som poster presentasjon.

Milepæl-seminara går føre seg gruppevis for studentar med liknande tema og deira rettleiarar. Målet er å trene munnleg presentasjon av status for prosjektet og få tilbakemelding frå rettleiarar og studentar. Rettleiarar så vel som studentar fungerer som opponentar på presentasjonane.

Vurderingsformer

Avsluttande mastereksamen omfattar to delar:

  1. ei innlevert masteroppgåve
  2. ein justerande munnleg eksamen i to delar
  • presentasjon (ca. 20 minutt) av dei viktigaste resultata i masteroppgåva
  • ein munnleg prøve innanfor masteroppgåva sitt temafelt.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Studenten kan levere masteroppgåva til ein fastsatt dato i året: 15.mai.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO350 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg

    Trekkfrist
    01.11.2019
    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      15.11.2019, 14:00
    • Eksamensdel: Justerande munnleg