Hjem
Studentsider
Masteremne

Samfunnsplanlegging og rolleforståing i komplekse plansituasjonar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst-vår (emnet strekker seg over to semester)

Undervisningsstad

Digitalt. To samlingar: Bergen og Fosen/Trondheim

Mål og innhald

Denne vidareutdanninga er for tilsette som er planleggarar, eller har planrelaterte arbeidsoppgåver knytt til samfunnsutvikling, i norske kommunar og fylkeskommunar. Emnet skal bidra til å tette gapet mellom kva kommunar og fylkeskommunar treng av kompetanse innan samfunnsplanlegging, og den kompetansen tilsette med planrelaterte oppgåver knytt til samfunnsutvikling faktisk har. Sentralt i utdanningstilbodet står samhandlingskompetanse og prosess- og rolleforståing i komplekse plansituasjonar. Studentane lærer å

  • Handtere komplekse og uoversiktlege plansituasjonar
  • Kjenne att  planproblem og løysningar
  • Analysere og forstå komplekse plansituasjonar
  • Utvikle handlingskompetanse..
  • Integrere praktisk og teoretisk planleggingskompetanse.

Studentane møter eksempel på praksisar og oppdaterte perspektiv på stadutvikling og planlegginga si rolle og rom for handling, som strekk seg utover det tradisjonelle plansystemets prosessar, prosedyrar og rammer. Emnet byggjer på geografiske og planteoretiske perspektiv og empiriske  døme, inkludert studentane sine erfaringsbaserte kunnskapar. Undervisning og læring skjer tett på ulike plankontekstar slik dei spelar seg ut i norske kommunar og regionar i dag. Emnet er delt inn i fire tematiske modular:

  1. Komplekse problem og motstridande mål - kva nå?;
  2. Spenningar og dilemma;
  3. Strategisk samfunns- og næringsplanlegging
  4. Nye perspektiv for å tenke og handle i planlegging.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte: 

Kunnskap

Studenten

  • kan drøfte, identifisere og analysere ulike komplekse plansituasjonar og skilje dei frå kvarandre.
  • kan drøfte nyare utvikling i samfunnsplanlegging og ulike kritiske tilnærmingar og teoriar om planlegging og framtid.
  • kan nytte ulike metodar for deltaking i planprosessar.
  • kan vurdere og kritisere ulike teoriar og praktiske grep for å jobbe med spenningar og konfliktar i planlegging.
  • kan opparbeide innsikt og bedømme ulike tilnærmingar til strategiske grep for ein meir berekraftig samfunns- og næringsplanlegging.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kombinere relevant teori og kunnskap for å analysere handlingsrom i eigen plankvardag.
  • kan foreslå og grunngje ulike strategiar og intervensjonar i eigen plankvardag for å handtere spenning, konflikt, deltaking og framtid.
  • kan setje seg inn i og diskutere ulike komplekse plansituasjonar ulike planleggjarar står i.
  • kan gjere nytte av ulike eksempel og metodar for deltaking.
  • kan vise korleis kunnskap, framtid og konflikt legg til rette for ulike tilnærmingar og utfordringar i planprosessen.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
  • kan presentere og diskutere (skriftleg og munnleg) faglege problemstillingar og analysar i emnet.

Krav til forkunnskapar

  • Bachelorgrad eller tilsvarande utdanning innan fagfelt relevant for samfunnsplanlegging.
  • Minimum to års yrkeserfaring frå samfunnsplanlegging eller andre planrelaterte oppgåver.
  • Vere tilsett som samfunnsplanleggjar/ha andre planrelaterte oppgåver.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet må du søkt og fått opptak til dette videreutdanningsemnet via UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Synkrone og asynkrone digitale læringsaktiviteter organisert i fire modular. Aktivitetar som inngår:

  • Arbeide individuelt og i grupper.
  • Sjå undervisningsfilmar, drøfte, vurdere og diskutere i gruppediskusjonar eller gjennom andre skriftlege oppgåver
  • Høyre podkast, reflektere og demonstrere/vise fram eigen plankvardag i gruppediskusjonar eller gjennom oppgåver.
  • Lese og drøfte kritisk teori og metodar i refleksjonsnotat.
  • Delta på digitale førelesingar og komme med innspel frå eigen planpraksis.
  • Delta i diskusjonar, quizar med små innlegg.
  • Kommentere på medstudentars arbeid og diskusjonsinnlegg
  • Skrive semesteroppgåve.
  • Munnlege presentasjonar basert på gruppearbeid

2 digitale samlingar á 2 timar

2 fysiske samlingar: 1 felttur/ekskursjon á 2 dagar og 1 fagsamling/campus á 2 dagar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 digitale samlingar á 2 timer

2 fysiske samlingar/felttur á 2 dagar

Vurderingsformer

2 individuelle skriftlege oppgåver

2 gruppeoppgåver, m/munnleg presentasjon

I emnet nyttar vi både munnleg og skriftleg oppgåve. Den munnlege vurderingsforma knyter seg til læringsutbyttet sitt mål om å kunne diskutere og setje seg inn i ulike og uventa komplekse plansituasjonar, og gjere greie for desse. Dei munnlege presentasjonane vil gå i plenum med innspel frå medstudentar og lærarar.

Den skriftlege vurderingsforma vektlegg evna til å gjere greie for, bruka og analysere ulike teoretiske og praktiske tilnærmingar si nytte i konkrete plansituasjonar studentane sjølve står i.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel tillat.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.  

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: 2 individuelle oppgåver og 2 gruppeoppgåver

    • Eksamensdel: Individuell skriftlege oppgåve

      Innleveringsfrist
      10.12.2022, 16:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Gruppeoppgåve, m/munnleg presentasjon

      Eksamensperiode
      20.10.2022–21.10.2022